Bakgrunn og aktiviteter

Eg  er professor i sjukepleie og pedagogikk og har arbeidd mest med vidareutdanningar i sjukepleie. Dei siste åra har eg hatt arbeidet mitt knytt til mastergrad i avansert klinisk sjukepleie.

Forskinga mi er både innanfor sjukepleie og pedagogikk. I tillegg er eg forskingsrettleiar i Helse Møre og Romsdal HF. Fleire av forskingsprosjekta  eg  har vore med på, er samarbeidsprosjekt mellom NTNU, Helse Møre og Romsdal HF og kommunar på Sunnmøre.

Doktorgradsarbeidet mitt vart avlagt ved NTNU i 2005 og handla om rammeplanarbeid for sjukepleiarutdanninga. Etter det har eg arbeidd  både med utdanningsforsking og forsking om omsorg og pasientmedverknad ved kritisk sjukdom. Læring og kompetanseutvikling i sjukepleie er også eit av mine forskingsfelt. Eg  har også delteke i forsking om implementering av samhandlingsreforma. Eg nyttar  ulike kvalitative design i arbeida mine.

Eg har erfaring som rettleiar på master- og doktorgradsnivå og har gjennomført kurs i forskingsveiledning for veiledarar på doktorgradsnivå i regi av NTNU og St. Olavs hospital (2012).  Eg har vore fagredaktør i Nordisk tidsskrift for helseforskning . I tillegg er eg  fagfellevurderar i nasjonale og internasjonalt vitskaplege tidskrift i sjukepleie og pedagogikk.

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

2017

  • Kleppe, Torill; Haavik, Svein; Kvangarsnes, Marit; Hole, Torstein; Major, Anne Lise Sagen. (2017) Mangelfull legemiddelsamstemming i sjukehus. Sykepleien Forskning.

2016

2015

2014

2013

2012

2010

  • Kvangarsnes, Marit; Hagen, Berit; Fylling, Grete. (2010) Kva skjer i praksisstudiet i somatiske sengeavdelingar? :. Nordisk tidsskrift for helseforskning. vol. 6 (1).
  • Kvangarsnes, Marit. (2010) KOLS - eit pasientperspektiv : frå diagnose til lungetransplantasjon. UKJENT. 2010.

2008

2006