Helseforsking - frå idé til prosjektprotokoll/artikkel


Helseforsking - frå idé til prosjektprotokoll/artikkel: ei vidareutdanning med fokus på utvikling /utforming av ein god forskingsprotokoll.

Vidareutdanninga er ei strategisk satsing mellom Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag - i regi av NTNU. Målsettinga er at fleire tilsette skal kunne kvalifisere seg til opptak og finansiering av forskarutdanningsløp (PhD). Vidareutdanninga er óg open for tilsette i andre helseføretak og i kommunale helsetenester.

Søknadsfrist: 04.02.2019

Målgruppe:

Tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta

Kursbeskrivelse:

- Krav til ein ph.d.-søknad

- Kva er forsking?

  • Verdien av vitskapsteoretisk tilnærming i forsking

- Kva er litteratursøk og kvifor er det viktig?

  • Bruk av ulike databasar til litteratursøk
  • End Note

- Korleis planlegge eit forskingsprosjekt?

  • Samanhengen mellom vitskapsteori, design og metode
  • Datakjelder
  • Kvalitative, kvantitative, mixed methods
  • Reliabilitet, validitet, truverd
  • Overførbarheit/generalisering
  • Etisk og juridisk ansvar

- Korleis utvikle ein god forskingsprotokoll?

  • Samandrag (Abstract)
  • Introduksjon/bakgrunn (forskingsproblemet/tidlegare forsking/manglar i forskinga/betydinga av studien/hensikta med studien/litteraturgjennomgang/  forskingsspørsmål/hypotesar)
  • Design
  • Metode
  • Etiske vurderingar
  • Framdriftsplan/ budsjett
  • Publiseringsplan
  • Referansar
Læringsmål
 
Kunnskap: Etter fullført kurs har du
  • kunnskap om verdien av vitskapsteoretisk tilnærming i forsking
  • forståing for kva kunnskap som kan genererast ved ulike design/metodar
  • kunnskap om ulike former for datasamling og datagenerering 
  • kunnskap om forskingsetikk og juridiske rammer.
Ferdigheiter: Etter fullført kurs skal du kunne
  • velje relevante metodar for ulike problemstillingar i forskingsarbeid 
  • gjennomføre eit systematisk litteratursøk med hjelp frå bibliotekar
  • formulere klare og relevante forskingsspørsmål
  • vurdere kvalitet i forsking
  • planlegge prosjekt innafor planlagd tid og økonomiske rammer
Generell kompetanse: Etter fullført kurs skal du kunne
  • planlegge og utforme ein forskingsprotokoll
  • vurdere forsking i eit pasient, helse- og samfunnsperspektiv

Eksamensbeskrivelse:

Dato: 08.01.2020
Krav for å få gå opp til eksamen:
Heimeoppgåve med presentasjon i plenum (på ei av samlingane)

Eksamen:
Innlevering av en skriftlig rapport (vurdering: bokstavkarakterer)

Tid og sted for kurs/samlinger:

Første samling: 20.-21. mars i Ålesund.
Andre samling: 8. mai via Skype. 
Tredje samling: 11. september via Skype.
Fjerde samling: 20.-21. november på Levanger. 
 

I tillegg kommer møter med mentorar etter avtale.

 

Kursavgift:

5500 Kr
Kursavgift info: I tillegg kjem semesteravgift. Du må sjølv dekke reise og opphald, om ikkje arbeidsgjevar betaler desse kostnadane.

Rabatter:

Ingen rabattar.

Fagansvarlig/Forelesere:

Torstein Hole
Fyrsteamanuensis, Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk
Mobil: 93 42 10 02
Epost: torstein.hole@ntnu.no

Kontakt:

Astrid Østensen
NTNU VIDERE
Telefon: 73 59 52 19
Mobil: 91 89 75 81
Epost: videre@ntnu.no

Samarbeidspartnere:

Helse Møre og Romsdal, Helse Nord-Trøndelag

Kursform/Undervisning:

Samlings- og nettbasert

Opptakskrav:

Fullført mastergrad, 6-årig profesjonsstudium eller tilsvarande.

Dokumentasjon lastas opp når du søker. Du kan laste opp dette fram til søknadsfristen går ut.

Les meir om krav til dokumentasjon her

Mer informasjon:

Fakultet: Fakultet for medisin og helsevitenskap

Pensumlitteratur/kursmateriell:

Tilrådd litteratur:
Forskningshåndboken: https://www.oslo-universitetssykehus.no/forskningshandboken

Crewell J. W, (2014) Research Design. Qualitative, Quantitative & Mixed Methods Approaches. Los Angeles, Sage.

Hulley S. (2013) Designing Clinical Research. Philadelphia, Walter Kluwer/Lippincott Williams & Wilkins.

Malterud K. (2013) Kvalitative metoder i helsefag. Universitetsforlaget.

Dataverktøy el. programvare som benyttes: EndNote, SPSS, læringsplattforma Blackboard.

Praktiske opplysninger:

Se praktisk informasjon som gjelder dette kurset

Det er 15 plassar på vidareutdanninga. Inntil 8 av desse plassane er reserverte for tilsette i Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag. Om det er fleire kvalifiserte søkjarar enn plassar, vil søkjarar som har publisert forsking i vitskaplege tidsskrift verte prioriterte. Søkjarar som har slik erfaring må skrive dette i merknadsfeltet når dei søkjer på kurset. Utover dette vil søkjarar verte prioriterte etter søknadsdato.

Kursdetaljer

Startdato: 01.03.2019
Slutt: 08.01.2020

Søknadsfrist: 04.02.2019

Kursavgift: 5500 Kr

Studiepoeng: 7,5

Emnekode: MDV6005

Undervisningssted: Ålesund og Levanger

Arrangør: NTNU i Trondheim

Eksamen: 08.01.2020

Søk dette kurset nå

Hold deg oppdatert

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.