course-details-portlet

TPG4177

Karbonat reservoarkarakterisering

Studiepoeng 7,5
Nivå Høyere grads nivå
Undervisningsstart Høst 2011
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Engelsk
Vurderingsordning Skriftlig eksamen og semesterprøve

Om

Om emnet

Faglig innhold

Ein reknar med at karbonatreservoar vil bli den viktigaste hyrdrokarbon-kjelda i dette hundreåret. Kurset gjev ei innføring i evaluering av karbonatreservoar ved bruk av materiell frå akademia og industri. Grunnleggande terminologi og konsept vil bli undervist gjennom forelesingar, gruppearbeid og sjølvstudie-oppgåver. Karbonat-geologi og diagenese. Sekvensstratigrafi. Petrofysikk og seismikk i karbonat. Grunnleggande reservoarteknikk og brønntesting. Dette dannar basis for resten av kurset: Kva utfordringar gjev karbonat-reservoar? Eksempel på forskjellige karbonatreservoar vil bli brukt til å vise kor viktig det er med integrasjon av alle teknologi- og geofag for effektiv reservoarstyring. Det blir lagt vekt på integrasjon av forskjellige teknologi- og geo-data gjennom forelesingar, gruppearbeid og sjølvstudie-øvingar. Praktiske studier av forskjellige reservoar (Case studies). Data vil bli gjort tilgjengeleg for å lære å evaluere karbonat-reservoar.

Læringsutbytte

Ingress:
Faget gjev kompetanse innan evaluering av karbonatreservoar. Desse kan vere svært forskjellige frå klastiske sandsteinsreservoar og inneheld meir enn 50% av jordas petroleumsreserver. Studentane lærer om geologien og petrofysikken til slike bergartar. Dei får også grunnleggande kunnskapar om reservoarteknikk, brønntesting, seismikk og som eit prosjekt skal dei - under leiing av erfarne industrifolk - gjere integrert tolking av eit karbonatreservoar der dei brukar alle tilgjengelege data.

Kunnskapar:
Dei skal forstå grunnleggande datatypar og aspekt ved karbonatreservoar og kunne samanstille data for å evaluere potensialet til slike reservoar. Dei samarbeider med studentar med annan kompetanse - slik som i eit oljeselskap.

Ferdigheiter:
Studentane skal ha innsikt i kompleksiteten til karbonatreservoar og vere i stand til å vurdere data frå slike reservoar og vurdere om dataene er gode nok til å kunne anvendast til å tolke reservoaret.

Generell kompetanse:
Gruppearbeid og samarbeid med andre disiplinar innanfor utforskning og evaluering av petroleumsreservoar er ein viktig kompetanse for Norge. Dette er etterspurt av industrien. Kompetanse innanfor karbonatreservoar er generelt liten i Norge, og den kompetansen studentane får her, er det få stader som kan gje dei.

Læringsformer og aktiviteter

Forelesningar og øvingar, sjølvstudie-oppgåver. Data vil bli gjort tilgjengeleg for gruppearbeid og sjølvstudium for å lære å evaluere carbonatreservoar. Prøver i semesteret tel kvar inntil 30% av emnets sluttkarakter. Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen bli endra til muntleg eksamen. Undervisningen foregår på engelsk dersom internasjonale masterstudenter velger emnet. Dersom undervisningen gis på engelsk, gis eksamensoppgavene kun på engelsk. Studentens besvarelse kan være på norsk eller engelsk.

Obligatoriske aktiviteter

  • Øvinger

Kursmateriell

Lucia, F. Jerry. "Carbonate Reservoir Characterization. Ei god og grunnleggande oversikt kan finnast i: Scholle, P.,A., Bebout, D.,G., and Moore, C.,H., eds. Carbonate despositional evironments. American Association of Petroleum Geologists, Memoir 33. Ein del forelesningsmateriell blir gjort tilgjengeleg under kurset.

Fagområder

  • Borehullslogging
  • Formasjonsevaluering
  • Geologi
  • Petrofysikk
  • Petroleumsgeologi, sedimentologi
  • Reservoarteknikk
  • Seismikk

Kontaktinformasjon

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Skriftlig eksamen og semesterprøve
Karakter: Bokstavkarakterer

Ordinær eksamen - Høst 2011

Skriftlig eksamen
Vekting 70/100 Dato 05.12.2011 Tid 09:00 Varighet 4 timer Sted og rom Ikke spesifisert ennå.
Semesterprøve
Vekting 30/100 Varighet 2 timer