Emne - Petrofysikk - Boreholslogging, grunnkurs - TPG4175
Petrofysikk - Boreholslogging, grunnkurs
Om
Om emnet
Faglig innhold
Grunnleggande petrofysiske begrep og likningar. Dei viktigaste klassiske logge-metodane i borehol: Måling av resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, tettleik, midlare atomnummer, Pe, akustiske målingar, måling av formasjonstrykk. Målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - korrigering av dataene for slike faktorar. Nukleær magnetisk resonans, NMR. Dielektriske eigenskapar. Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi (bergartstypar) og leirinnhald. Bruk av kjernedata. I øvingsopplegget blir det lagt stor vekt på arbeid med tolking av loggdata.
Læringsutbytte
Ingress:
- Faget gjev innsikt kva rolle målingar i borehol har for utforsking av petroleumsreservoar. Faget lærar studentane å forstå klassiske målemetodar og å bruke desse til å finne sentrale bergartsparametrar som porøsitet, permeabilitet og vassmetning og kva bergart ein har.
Kunnskapar:
Studentane lærer å forstå og bruke følgjande:
- Grunnleggande petrofysiske begrep og likningar. Korleis oppbygginga av ein bergart innverkar på målingane våre og på sentrale petrofysiske parametrar som porøsitet, permeabilitet og metning.
- Dei viktigaste klassiske logge-metodane i borehol: Måling av resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, densitet, fotoelektrisk absorbsjonsindeks, Pe, akustiske målingar, måling av formasjonstrykk.
- Målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - korrigering av dataene for slike faktorar.
- Nukleær magnetisk resonans, NMR. Dielektriske eigenskapar. Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi (bergartstypar) og leirinnhald.
Ferdigheiter:
- Studentane skal kunne forstå og gjere ei enkel tolking av dei vanlegaste loggmålingane ein gjer i borehol. Dei skal kunne finne hovedtrekka i litologi, porøsitet, metning og permeabilitet og finne og rekne ut kor mykje ein har av forskjellige fluidtypar - olje, gass og vatn.
Generell kompetanse:
- Gjennom gruppearbeid lærer studentane å samarbeide og å vise ansvar for sin del av øvingsarbeidet.
- Ved å arbeide med verkelege data frå felt i drift, lærer studentane å forstå at verkelege data kan vere usikre, og at ein må vise skjønn og forståing for å finne gode svar på tolkingsproblema.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesningar og gruppe-arbeid. Obligatoriske øvingar. Prøver i semesteret kan kvar telje inntil 30% i emnets karakter. Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen bli endra til muntleg eksamen. Ved gjentak av eksamen vil hovedeksamen telje 100%. Emnet blir undervist på engelsk.
Obligatoriske aktiviteter
- Øvinger
Anbefalte forkunnskaper
Grunnleggande kunnskapar i fysikk, geologi og matematikk.
Kursmateriell
Kompendium, forelesingsnotatar, korreksjonsdiagram. Artiklar. Loggdata frå Nordsjøen.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| SIG4050 | 7,5 sp | |
| TPG5120 | 7,5 sp |
Fagområder
- Anvendt geofysikk
- Anvendt geofysikk - Ikke-seismiske metoder
- Anvendt geofysikk - Petrofysikk
- Anvendt geofysikk - Seismikk
- Borehullslogging
- Dypboringsteknikk
- Formasjonsevaluering
- Geofysikk
- Geofysisk tolkning
- Geologi
- Petrofysikk
- Petroleumsgeofag
- Petroleumsgeofysikk
- Petroleumsgeologi
- Petroleumsgeologi, sedimentologi
- Petroleumsproduksjon
- Petroleumsproduksjon/Brønnteknologi
- Petroleumsteknologi
- Petroleumsteknologi - Dypboringsteknikk
- Petroleumsteknologi - Petroleumsproduksjon
- Petroleumsteknologi - Reservoarteknikk
- Reservoarteknikk
- Ressursgeologi
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon for dette emnet mangler.