Emne - Petrofysikk - Boreholslogging, grunnkurs - TPG4175
TPG4175 - Petrofysikk - Boreholslogging, grunnkurs
Om emnet
Vurderingsordning
Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Hjelpemidler | Delkarakter |
---|---|---|---|---|
Hjemmeeksamen | 100/100 | 4 timer | A |
Faglig innhold
Dette emnet er grunnleggande for alle som vil arbeide med undergrunnsdata i petroleumsindustrien. Brønnloggdata gjev svar omkring petrofysiske, geologiske og mekaniske eigenskapar som ein treng for å evaluere eit felt.
Emnet dekker fundmentale petrofysiske begrep og likningar. Følgande brønnloggemålingar vert diskuterte: resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, tettleik, fotoelektrisk absorbsjon, akustiske målingar, kjernemagnetisk resonans og måling av formasjonstrykk. Videre diskuteres målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - og korrigering av dataene for slike faktorar. Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi (bergartstypar) og leirinnhald. Gjennom praktiske øvingar og prosjekt lærer ein å tolke brønnloggdata.
Læringsutbytte
Ingress:
- Emnet gjev innsikt i kva rolle målingar i borehol har for utforsking av petroleumsreservoar. Emnet dekker ei rekkje målemetodar og korleis desse brukast til å bestemme sentrale bergartsparametrar som porøsitet, permeabilitet, vassmetning og kva bergart ein har langs boreholet.
Kunnskapar:
Studentane lærer å forstå og bruke følgjande:
- Grunnleggande petrofysiske begrep og likningar. Korleis oppbygginga av ein bergart innverkar på målingane våre og på sentrale petrofysiske parametrar som porøsitet, permeabilitet og metning.
- Dei viktigaste logge-metodane i borehol: Måling av resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, tettleik, fotoelektrisk absorbsjonsindeks, akustiske målingar, måling av formasjonstrykk, kjernemagnetisk resonans og anna.
- Målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - korrigering av dataene for slike faktorar.
- Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi (bergartstypar) og leirinnhald.
Ferdigheiter:
- Studentane skal kunne forstå og gjere ei enkel tolking av dei vanlegaste loggmålingane ein gjer i borehol. Dei skal kunne finne hovedtrekka i litologi, porøsitet, metning og permeabilitet og finne og rekne ut kor mykje ein har av forskjellige fluidtypar - olje, gass og vatn.
Generell kompetanse:
- Gjennom gruppearbeid lærer studentane å samarbeide og å vise ansvar for sin del av øvingsarbeidet.
- Ved å arbeide med verkelege data frå felt i drift, lærer studentane å forstå at verkelege data kan vere usikre, og at ein må vise skjønn og forståing for å finne gode svar på tolkingsproblema.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar og gruppearbeid. Obligatoriske øvingar. Emnet blir undervist på engelsk dersom internasjonale masterstudentar vel emnet. Ei referansegruppe evaluerer emnet.
Obligatoriske aktiviteter
- Øvinger
Mer om vurdering
Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen bli endra til munnleg eksamen.
Spesielle vilkår
Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.
Anbefalte forkunnskaper
Grunnleggande kunnskapar i fysikk, geologi og matematikk.
Kursmateriell
Kompendium, forelesingsnotatar, korreksjonsdiagram. Artiklar. Brønnloggdata frå den norske kontinentalsokkelen.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra | Til |
---|---|---|---|
SIG4050 | 7.5 | ||
TPG5120 | 7.5 | 01.09.2010 |
Ingen
Versjon: 1
Studiepoeng:
7.5 SP
Studienivå: Tredjeårsemner, nivå III
Termin nr.: 1
Undervises: HØST 2020
Forelesningstimer: 4
Øvingstimer: 2
Fordypningstimer: 6
Undervisningsspråk: Engelsk
Sted: Trondheim
- Geofysisk tolkning
- Anvendt geofysikk - Seismikk
- Petroleumsgeofag
- Anvendt geofysikk - Ikke-seismiske metoder
- Anvendt geofysikk - Petrofysikk
- Petroleumsteknologi - Petroleumsproduksjon
- Petroleumsteknologi - Dypboringsteknikk
- Petroleumsteknologi - Reservoarteknikk
- Petroleumsgeologi, sedimentologi
- Formasjonsevaluering
- Petrofysikk
- Petroleumsproduksjon/Brønnteknologi
- Petroleumsgeofysikk
- Borehullslogging
- Dypboringsteknikk
- Petroleumsteknologi
- Petroleumsgeologi
- Petroleumsproduksjon
- Ressursgeologi
- Reservoarteknikk
- Anvendt geofysikk
- Geofysikk
- Geologi
Ansvarlig enhet
Institutt for geovitenskap og petroleum
Telefon:
Eksamensinfo
Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
- Termin Statuskode Vurderings-form Vekting Hjelpemidler Dato Tid Digital eksamen Rom *
-
Høst
ORD
Hjemme-eksamen (1)
100/100
A
Utlevering 05.12.2020
Innlevering 05.12.2020
Utlevering 09:00
Innlevering 13:00
INSPERA -
Rom Bygning Antall kandidater
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
- 1) Merk at eksamensform er endret som et smittevernstiltak i den pågående koronasituasjonen. Please note that the exam form has changed as a preventive measure in the ongoing corona situation
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"