course-details-portlet

MDV6245 - Traumatisering hos barn og unge - forebygging av omsorgssvikt, overgrep, selvskading, selvmord og voldelig ekstremisme.

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Hjemmeeksamen 100/100 3 dager A

Faglig innhold

Emnet gir ei grundig innføring i nevrobiologisk forståing av vald og omsorgssvikt, og gir opplæring i korleis ein kan møta barn og unge som er utsette for traumatiske hendingar. Dette inkluderer barn og unge med minoritetsbakgrunn samt barn og unge med seksuelle åtferdsproblem. Vidare gir emnet grunnleggjande teoretisk forståing av sjølvskading og sjølvmordsåtferd samt korleis ein kan nytta denne i eigen klinisk kvardag. Til sist gir emnet ei innføring i valdeleg ekstremisme og radikalisme samt måtar å førebyggja dette på.

Læringsutbytte

Kunnskapsmål:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til nyare traumeforståing og forstå korleis denne kan nyttast i møte med traumatiserte barn og unge. Herunder forståing for kva traumebevisst tilnærming er. Dei skal kunna reflektera over skilnader i denne forståinga samanlikna med ei forståing som har fokus på barnet si åtferd og åtferdsregulering.

Studentane skal ha særleg kjennskap til grupper av unge som er sårbare for å utvikla PTSD og andre lidingar grunna utfordrende oppvekst. Dette gjeld m.a. barn som bur i barnevernsinstitusjonar og barn av psykisk sjuke og foresatte som misbrukar rus. Studentane skal ha kunnskap om det å vera barn i ein flyktning- og migrasjonsprosess og kva særlege utfordringar dette gir.

Studentane skal ha oversikt over ulike teoretiske tilnærmingar om sjølvmord og sjølvskading, og skal kunna nytta dei viktigaste av desse i eit førebyggjande perspektiv. Dei skal ha særleg kjennskap til samanhengen mellom suicidalitet og psykiatriske lidingar, og samanhengen mellom det å vera utsett for seksuelle overgrep og sjølvskadaråtferd.

Dei skal kunna gjengi hovudprinsippa i DBT-behandling som er den behandlartilnærminga som kan visa til best resultat i førebyggjing av kronisk sjølvskadeåtferd. Dei skal vidare ha kunnskap om sorgprosessar som pårørande barn går gjennom etter at dei har mista nokon nære i sjølvmord, samt korleis dei kan hjelpa barna i denne prosessen.

Studentane skal gjengi viktige forståingsmåtar av radikalisering og valdeleg ekstremisme, og korleis førebyggja slik ekstremisme.

Dugleiksmål:
Etter endt emne skal studentane kunna nytta prinsipppa for traumebevisst omsorg, og tilpassa desse etter kva for barn og unge dei samtalar med, herunder sårbare grupper som barn med minoritetsbakgrunn, i institusjon, barn og unge med seksuelle åtferdsproblem og barn og unge som står i ein radikaliseringsprosess.
Dei skal ha godkjent Vivatkurset. Dette kurset er eit empirisk fundert sjølvmordsførebyggjingsprogram. Etter endt Vivatkurs skal studentane vera meir kompetente og tryggare i å intervenera i akutte sjølvmordskriser. Dei skal kunna fanga opp menneske som har det vanskeleg og kan vera i sjølvmordsfare. Dei skal kunna stilla direkte spørsmål om sjølvmordstankar. Dei skal kunna hjelpa personen i sjølvmordsfare å snakka om det som er vanskeleg. Dei skal kunna laga og implementera ein plan med vedkomande, kor målet er å berga liv. Dei skal kunna bruka lokale og andre ressursar i krisehjelp.

Studentane skal kunna hjelpa sjølvmordsnære til å nytta seg av ulike typar hjelpe- og behandlingstilbod som er retta mot denne gruppa.

Studentane skal forstå når barn og unge er i faresonen for å bli radikalisert, og vita korleis ein då skal intervenera.

Generell kompetanse:
Etter fullført emne skal studentane ha større refleksiv kapasitet knytta til temaene gjennomgått i undervisningen. Dei skal også ha større kompetanse til å vurdera og anvenda den teoretiske kunnskapen i praksis, samt kunna utvikla denne kompetansen vidare. Dei skal ha fått større sjølvtillit og tru på eigen kompetanse i møte med komplekse problemstillingar innenfor fagområdet.

Læringsformer og aktiviteter

Emnet er samlingsbasert.

Studieform: Forelesningar og gruppearbeid. Rettleiing i samband med emneoppgåve og under Vivatkurset.

Med forbehold om tilstrekkelig antall studenter for at emnet gjennomføres. Maksimum antall studenter: 25.

Obligatoriske aktiviteter

  • 80% deltagelse i undervisningen
  • To emneoppgaver

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Barn og unges psykiske helse (MBUPHLS)
Medisin - etter- og videreutdanning (MDEVU)
Psykisk helse (MPHLS)

Forkunnskapskrav



Kursmateriell

Pensumlista er omlag 1500 sider og oppgis ved studiestart.

Flere sider om emnet
Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Videreutdanning høyere grad

Undervisning

Termin nr.: 2
Undervises:  HØST 2020

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2021

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Medisin, helse- og sosialfag
  • Helse- og sosialfag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator:

Ansvarlig enhet
Institutt for psykisk helse

Administrativ enhet
Seksjon for etter- og videreutdanning

Telefon:

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

Termin Statuskode Vurderings-form Vekting Hjelpemidler Dato Tid Digital eksamen Rom *
Høst ORD Hjemme-eksamen 100/100 A INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Høst ORD Hjemme-eksamen 100/100 A INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU