course-details-portlet

DID3001 - Vitenskapsteori og metode

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bestått/ Ikke bestått

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Hjemmeeksamen 100/100 3 dager

Faglig innhold

Faget skal gi kunnskap om og forståing for vitskapsteori, -historie og -filosofi, metodologi, datagenerering og analyse. Det skal førebu studentane til arbeid med eiga masteroppgåve ved å gi djupare innsikt i erkjenningsteori (epistemologi), ulike vitskapstradisjonar (teoretisk og metodologisk) og kjenneteikn ved godt vitskapleg arbeid. Faget skal også førebu studentane til å lese, forstå og reflektere om ulike typar forskingslitteratur. Faget innbyr til kunnskap og refleksjonar om tilhøvet mellom forsking, forskar, fag og samfunn i eit overordna perspektiv. Det gir også reiskapar til å analysere datamateriale i eiga masteroppgåve, og moglegheit til å setje eige prosjekt i ein vitskapsteoretisk samanheng. Faget innbyr vidare til utvikling av forskaretikk og til forståing for samanhengen mellom epistemologi, metodologi og forskingsmetodar. Delar av emnet (om lag 1/3) går føre seg i mindre grupper med eigne seminarleiarar der studentane fordjupar seg, med utgangspunkt i ei første prosjektskisse til masteroppgåva og/eller eiga interesse.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om sentrale utviklingstrekk og kontroversar gjennom vitskapshistoria
  • har kunnskap om ulike forskingstradisjonar og vitskapsparadigme
  • har kunnskap om grunnleggjande resonnement og framgangsmåtar innanfor ulike metodiske tilnærmingar
  • har relevant kunnskap om omgrepsbruk innanfor ulike metodiske tradisjonar

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan diskutere og reflektere over ulike sider ved forskingstradisjonar og vitskapsparadigme
  • kan identifisere og diskutere samanheng mellom vitskapsteori og metode i forskingsarbeid
  • kan kritisk vurdere og tolke forskingsresultat opp mot bruk av metodar
  • kan reflektere sjølvstendig over ulike forskingsetiske spørsmål

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere og vurdere tilhøvet mellom empirisk kunnskap, teoretiske og metodologiske problemstillingar på både eit teoretisk og praktisk/konkret nivå
  • kan inngåande vurdere vitskapleg usikkerheit, avgrensingar og moglegheiter ved ulike metodar
  • kan vurdere forskingsetikk i eiga og andre si forsking

Læringsformer og aktiviteter

Læringsformer

Seminar, arbeid i grupper, individuelt arbeid, førelesingar, tekstseminar.

Obligatoriske aktiviteter/arbeidskrav

3-5 refleksjonstekster og 1 tekst om aktuelt forskingsprosjekt

I løpet av studiet skriv studentane 3-5 korte tekstar der dei reflekterer over sentrale omgrep og perspektiv i emnet. Dei leverer også ein tekst med tankar om aktuelt forskingsprosjekt og der hovudtyngda ligg på å reflektere over mulige forskingsetiske utfordringar.

Obligatoriske arbeidskrav må være bestått før studenten kan fremstille seg til eksamen i dette emnet.

Obligatoriske aktiviteter

  • 3-5 refleksjonstekster og 1 tekst om aktuelt forskingsprosjekt

Mer om vurdering

Individuell heimeeksamen. Lengde: 3 dagar.

Spesielle vilkår

Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Kursmateriell

Pensum er lærebøker og artiklar på skandinavisk og engelsk. Pensum vert lagt ut på Blackboard før semesterstart og kan også søkjast opp på Innsida NTNU.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
LMN15004 10.0 HØST 2020
LMN55004 10.0 HØST 2020
LMM15005 10.0 HØST 2020
LMM55005 10.0 HØST 2020
EDU3123 5.0 HØST 2020
EDU3122 5.0 HØST 2020
EDU3121 5.0 HØST 2020
SKOLE6244 5.0 HØST 2020
SKOLE6214 5.0 HØST 2020
SKOLE6224 5.0 HØST 2020
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Høyere grads nivå

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2023

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Fagdidaktikk
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator:

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst UTS Hjemme-eksamen 100/100

Utlevering
28.11.2022

Innlevering
30.11.2022


09:00


15:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Vår ORD Hjemme-eksamen 100/100 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU