Emne - Fordypningsemne i allmenn litteratur før 1800 - ALIT2202
Fordypningsemne i allmenn litteratur før 1800
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir eit vidaregåande kurs i avgrensa emne innafor den europeiske litteraturen frå antikken til den tidlege romantikken.
Emnet kan setta søkjelys på ein bestemt epoke, eit straumdrag eller ein sjanger (antikkens tragediar, den gotiske skrekkromanen, klassisismens litteratur, modernistisk lyrikk, den pikareske romantradisjonen osv.), eller vera tematisk avgrensa mot sosiale, motiviske eller idéhistoriske problem.
Emnet kan også sette lys på tverrestetiske samanhengar innafor ein viss periode (for eksempel barokkens kunst, musikk og litteratur) eller gjensidig påverknad og tilpassing mellom litteratur og andre media.
Læringsutbytte
Kandidatane sine kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- har spesialisert kunnskap om eit avgrensa emne frå antikken til 1800
- forstår og kan reflektere over litteraturen i ein større estetisk, historisk, sosial og kulturell samanheng
- kan formidle fagstoffet kritisk og sjølvstendig i skriftleg og munnleg form
- kan formulere ei problemstilling ut frå ein gitt oppgåve og skrive ein akademisk fagtekst
Læringsformer og aktiviteter
Seminar. Det krevst aktiv deltaking av studentane med munnlege framføringar, kommentarar og liknande.
Obligatoriske aktivitetar:
Godkjend seminarinnlegg (ca. 15 min.) eller skriftleg oppgåve (ca. 4-5 s.).
Vurderingsform:
2-vekers heimeoppgåve på 12-15 sider.
Obligatoriske aktiviteter
- Godkjend seminarinnlegg eller godkjend skriftleg oppgåve
Anbefalte forkunnskaper
Basisemne i allmenn litteraturvitskap eller anna relevant utdanning tilsvarande 60 studiepoeng.
Forkunnskapskrav
Ingen.
Kursmateriell
Ei eiga pensumliste med pensumlitteratur for emne vert utarbeidd til semesterstart. Pensum utgjer omlag ni verk eller tilsvarande. Studentar som vel å følgje standard pensumliste på emne leverer ikkje pensumliste til instituttet. Studentar som ønskjer å gå opp etter ei revidert pensumliste leverer individuell pensumliste som skal godkjennast av instituttet. Frist: 10. oktober i haustsemesteret og 10. mars i vårsemesteret..
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| HFALIT205 | 15 sp |
Fagområder
- Allmenn litteraturvitenskap
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator
- Knut Ove Eliassen
Eksamen
Eksamen
Ordinær eksamen - Høst 2012
Hjemmeeksamen
Innlevering 03.12.2012 Varighet 2 uker
Ordinær eksamen - Vår 2013
Hjemmeeksamen
Innlevering 23.05.2013 Varighet 2 uker