Finn fram NTNU i Ålesund
Finn fram på NTNU i Ålesund
Besøksadresse til NTNU i Ålesund: Larsgårdsvegen 2, 6009 Ålesund
Kart over bygg og rom
Bruk Mazemap som viser bygg og rom på NTNU i Ålesund (også som app).
Varelevering
Spørsmål? Ring tlf. +(47) 73 59 50 00
Buss og drosje
Campus Ålesund er namnet på busshaldeplassane. Rutetider for kollektivtransport finn du på Fram.
Flyplass: Avinor - til og frå Ålesund lufthamn.
Bestilling:
- NorgesTaxi telefon 08000
- Ålesund Taxi telefon 70 10 30 00
Sykkelparkering
Parkering av sykler og el-sparkesyklar skal kun skje på utvendige og innvendige områder godkjende for sykkelparkering. Leigde el-sparkesyklar kan berre settast ved obligatoriske parkeringssoner. Parkeringssonene finn du i app hjå utleigar. Syklar som er parkert utanfor desse områda vert fjerna. Det er ikkje tillete å ta med seg private el-sparkesyklar inn i NTNU sine areal dersom det ikkje er eit areal godkjent for sykkelparkering.
Det er sett av to område for sykkelparkering.
- Ved hovudinngangen (Ankeret). Kart i MazeMap.
- Ved inngang nord (Lanterna). Kart i MazeMap.
Bilparkering
- Studentparkering: Aust for NMK via gyldig studentkort
- Ansattparkering: Aust for Kompasset og nord for Lanterna med gyldig parkeringsavtale Smart Park app.
- Gjesteparkering: Mellom NTNU og Ålesund kulturskole (betalingsautomat).
- Funksjonsnedsetting/HC-parkering: Ved hovudinngangen (Ankeret).
Er ikkje bilen registrert i Smartpark-app? Då må den registrerast i resepsjonen før parkering for å unngå bøtelegging.
Bilparkeringsavtale
Aktivere parkeringsavtale via Smartpark-appen enten: Smartpark for Android eller Smartpark for IOS. Ålesund Parkering kontrollerer. Tilgang til parkeringsplass via ansattkort/studentkort.
Følg skilt
Parkering utanfor oppmerka plassar og/eller til hinder for lovleg parkerte bilar, kan medføre at bilen blir taua vekk for eigar si rekning. Parkering på NTNU sitt område skjer på bilførar sitt ansvar. NTNU kan ikkje haldast for skade som blir påført bilar som står på NTNU sine parkeringsplassar.
Pålegg frå brannvesenet: Rask evakuering av parkeringsplassane skal vere mulig å gjennomføre.

Kontakt oss
Telefon: 70 16 12 86
E-post: postmottak@ntnu.no
Postadresse:
NTNU i Ålesund
Postboks 1517
6025 Ålesund
Besøks- og leveringsadresse
Larsgårdsvegen 2
6009 Ålesund