Namsos samfunnshus
Namsos samfunnshus
Transformasjon av eit gjenreisingsbygg
Namsos samfunnshus stod ferdig i 1961, teikna av arkitektane Arne Aursand og Herman Krag som ein del av gjenreisinga etter krigen.
Bygget har gjennom seks tiår vore eit samlingspunkt for byen – med kinosal, festsal, folkebad og kontor.
I dag står huset framfor ei usikker framtid: tekniske manglar, endra bruksmønster og krav til universell utforming utfordrar vidare drift, samstundes som Riksantikvaren har sett i gang ein fredingsprosess.
Spørsmålet oppgåva stiller er korleis eit gjenreisingsbygg kan møta krav til vern og ny bruk på same tid.
Gjennom undersøkingar og analysar er bygget kartlagt, og funna ligg til grunn for eit transformasjonsprosjekt som vidarefører dei berande kvalitetane og samstundes opnar huset for nye behov.
Prosjektet er todelt: eit kunnskapshefte som dokumenterer bygningen og verdiane det ber, og eit arkitektonisk forslag for korleis huset kan transformerast. Saman peikar dei mot eit heilskapleg svar på korleis Samfunnshuset kan møta framtida.
Bilete frå oppgåva



