TBA4250 - Geografisk informasjonsbehandling 2, grunnkurs

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Mappevurdering
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Semesteroppgave 50/100
Skriftlig eksamen 50/100 4 timer D

Faglig innhold

Geografisk informasjonsbehandling 2 tek for seg teknologien bak handtering av geografiske data. Matematiske teoriar vert overført til praktisk bruk for geografisk informasjon samstundes som datastrukturar og algoritmer brukt for geografisk informasjon er sentralt i emnet. Gjennom prosjektarbeid vil studentane få høve til å bruke noko av denne teknologien i praksis for å utvikle eigne spesifikke system.

Læringsutbytte

Kunnskap
Studenten skal ha kunnskap om:
- Grunnleggjande konsept for handtering av romleg informasjon
- Korleis læra om uskarpe mengder kan nyttast i samband med geografisk informasjon
- Korleis ein kan organisere ulike topologiske samanhengar mellom geografiske objekt
- Relevant teknologi til formidling av geografisk informasjon på nett
- Datastrukturar som kan nyttast til å representere geografiske objekt i ulike dimensjonar
- Sentrale algoritmer som vert brukt i geografiske informasjonssystem (GIS)
- Informasjonsteori i samband med kartografisk kommunikasjon
- Standardisering av geografisk informasjon samt korleis GIS kan innførast i ein større organisasjon
- Teknikkar som vert nytta i samband med kartanimasjonar
- 3D GIS og nettverksanalyse
- Datakvalitet og usikkerheit når det gjeld geografisk informasjon.

Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- Velje formålsteneleg datastruktur og bruke denne for lagring av geografiske objekt
- Lage ein kartapplikasjon (Web, lesebrett, mobiltelefon) der element frå den "lærte" teknologien vert brukt
- Lage ein kartapplikasjon som har 2-vegs kommunikasjon med ein database
- Lage ein kartapplikasjon, for eit gitt tema, som har godt gjennomtenkt og velfungerande brukargrensesnitt
- Lage ein kartapplikasjon som kommuniserer geografisk innhald på ein god måte og som er i følgje teorien.

Generell kompetanse
Studenten skal kunne:
- Datateknisk handtering av geografisk informasjon
- God framstilling av geografisk innhald i elektroniske media.

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar og øvingar.

Obligatoriske aktiviteter

  • Øvinger

Mer om vurdering

Mappevurdering gir grunnlag for sluttkarakter i emnet. I mappen inngår skriftlig avsluttende eksamen 50% og prosjektoppgave 50%. Resultatet for delene angis i %-poeng, mens sensur for hele mappen angis med bokstavkarakter. Ved utsatt eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftlig eksamen bli endret til muntlig eksamen. Ved gjentak må alle vurderinger i emnet gjentas

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Kursmateriell

Lærebok vert oppgjeven ved semesterstart. Kompendia frå insituttet.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
SIB6025 7.5

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Mappevurdering

Termin Statuskode Vurderingsform Vekting Hjelpemidler Dato Tid Rom *
Vår ORD Semesteroppgave 50/100
Vår ORD Skriftlig eksamen 50/100 D
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.