LGU13011 - Norsk 2 (1-7) emne 2: Skriving og tekstkulturer

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Muntlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Muntlig eksamen 100/100

Faglig innhold

I dette emneområdet blir moglegheiter og utfordringar innafor skriftlege sjangrar og teksttypar utforska, og det blir arbeidd med analyse og vurdering av elevtekstar frå ulike trinn. Studentane si eiga skriving blir også tematisert, m.a. gjennom ulike former for respons og vurdering, revisjon og utprøving. Samanhengar mellom lesing og skriving, og mellom munnleg og skriftleg bruk av språket, blir vektlagt også her. Målet er at studentane som norsklærarar skal kunne arbeide kreativt og systematisk med skriving og leggje til rette for varierte skrivesituasjonar, slik at elevar med ulike føresetnader kan utvikle tekstkompetansen sin.
Sentrale tekstar frå norsk skjønnlitteratur og sakprosa blir sette inn i ein historisk samanheng, og ulike teksttypar frå ulike medium blir studerte og vurderte. Det blir arbeidd med adaptasjon av barnelitterære tekstar til filmmediet, og både film, teater og medietekstar blir sette inn i ein norskfagleg kontekst. Studentane skal også få kunnskap om språkleg kommunikasjon i ulike medium og teoretisk kunnskap om samansette og digitale tekstar.

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten
- forstår og kan diskutere sentrale teoriar om skriving
- kjenner til teoriar om samansette tekstar
- kan forklare kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og har innsikt i korleis elevar frå 1.-7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- forstår og kan diskutere kva som skjer når ein barnelitterær tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)
- forstår og kan diskutere kva for funksjonar skriving har hatt og har i kulturen vår
- har inngåande kjennskap til teoriar om skriving, særleg knytt til den andre skriveopplæringa

Ferdigheiter
Studenten
- meistrar begge målformene
- kan organisere og drive tilpassa skriveopplæring for 1.-7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
- kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar
- kan leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som heile
- kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring

Læringsformer og aktiviteter

Studentane vil møte varierte arbeidsformer og læringsaktiviteter. Undervisninga vil veksle mellom førelesingar, diskusjonar, seminar- og verkstadarbeid. Undervisninga vil i stor grad bli seminarbasert, der det blir arbeidd konsentrert med eit tema i to til tre veker, med framlegg til slutt. Studiet fordrar derfor stor eigenaktivitet av studentane.

Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, også gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at studentane brukar biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:
- En individuell fagtekst på nynorsk
- Muntlig framlegg i gruppe (obligatorisk oppmøte)
- Filmprosjekt i gruppe

Det blir ikke gitt kompensatorisk arbeid for manglende obligatorisk oppmøte.

Obligatoriske arbeidskrav vurderes med godkjent/ikke godkjent.
Obligatoriske arbeidskrav må være godkjent før en kan framstille seg til eksamen. Kandidater som står i fare for å bli nektet å gå opp til eksamen pga. manglende arbeidskrav, skal varsles om dette, jf. forskrift om studier ved NTNU.

Eksamen:
Individuelt muntlig framlegg med påfølgende eksaminering.
Retningslinjer for muntlig eksamen blir gitt ved semesterstart

Ny/utsett eksamen blir gjennomført i samsvar med gjeldande studieforskrift ved NTNU.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1-7 (LTGLU1-7)

Forkunnskapskrav

Krav om studierett eller fullført og bestått lærerutdanning eller tilsvarende ved NTNU (jfr. studieforskriften ved NTNU).
Adgangsbegrensning, maks 35

Prioritering ved opptak:
1. Studierett ved GLU gjennom ordinært opptak til NTNU. Tildeling av emne skjer gjennom ordinært arrangert emnevalg. Retten til å ta emner begrenses av studieprogrammets omfang i studiepoeng.
2. Overgang fra GLU ved en annen institusjon i Norge
3. Andre som fyller kravet om fullført og bestått lærerutdanning eller tilsvarende ved NTNU

Kursmateriell

Pensumlistene er veiledende.
Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Faglitteratur

Andersen, P. T. (2012). Norsk litteraturhistorie (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget (jf. litteratur og forfattarar på pensum, nærare beskjed frå faglærar).

Bakken, J. (2014). Retorikk i skolen (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. (120 s., dvs. heile boka)

Engelstad og Tønnesen, E.S. (2011). Film: En innføring. Oslo: Cappelen Damm. kap. 2 og 3 og halve kap. 6, dvs. s. 27–120 og s. 210–233 (116 s.)

Hennig, Å. (2010). Litterær forståelse: innføring i litteraturdidaktikk. Oslo: Universitetsforlaget. (Også pensum i emne 1)

Korsgård, K., Vitger, M., og Hannibal, S. (2011). Oppdagende skriving. Oslo: Cappelen Damm. (160 s.)

Jølle, Lennart (2016). Tekstvurdering og skriveprøven. Bedre skole (1), 49-53.
http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tidsskrifter/Bedre%20Skole/BS_1_2016/UTD-BedreSkole-0116-WEB_jolle.pdf

Larsen, A.S. (2015). Gode grøss : Om skrekkfiksjon for og av barn. Oslo: Universitetsforlaget (utdrag, som blir spesifisert ved semesterstart)

Markussen, B. 2015. «Skapende gjenbruk. Cornelis Vreeswijk og sangtradisjonen». I Markussen, B. (red.), Lydspor – Når musikk møter tekst og bilder. Kristiansand: Portal Akademisk

Matre, S., D.K. Sjøhelle og R. Solheim (2012) (red.), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser. Oslo : Universitetsforlaget. 4 kapittel:

Aase, L. Skriveprosesser som danning, s. 48–58. (10 s.)
Dyson, A.H. Ethical worlds of school children’s writing cultures: individualism meets dialogism, s. 93-100. (8 s.)
Igland, M-A. og Sundbye, H. Argumentasjon i skriveopplæringa: en praksisarena for meiningsbryting og dialog, s. 123–136. (14 s.)
Matre, S., Sjøhelle, D.K. og Solheim, R. (2012). Ekspressive tekstar av unge skrivarar: om kjensleutløp, identitetsarbeid og skriveutvikling. (12s.)

McCloud, Scott (1994). Understanding Comics. The invisible art. New York: HarperCollins Publishers. kap. 1, 2 og 9.

Tønnessen, E.S. og Vollan, M. (2010). Begynneropplæring i en sammensatt tekstkultur. Hele boka minus kap. 3, 6, 8 og 9. (164 s.) Kristiansand: Høyskoleforlaget. (240 s.)

Smidt, J., Solheim, R., Aasen, A.J. (red.) (2011). På sporet av god skriveopplæring. Trondheim: Tapir. 9 kapittel:

Smidt, J. Ti teser om skriving i alle fag, s. 9–41. (31 s.)

Solheim, R. Kvifor skriv vi? Og kva brukar vi skrivinga til?, s. 43–52. (10 s.)

Kvithyld, T. og Aasen, A. J. Fem teser om funksjonell respons på elevtekster, s. 87–98. (10 s.)

Wicklund, B. Hvordan kan vi lære elever å skrive fortellinger?, s. 99–114 (14 s.)

Larsen, A. S. «Fin fortelling. Godt jobba! J» Om respons på norskfaglige tekster, s. 115–126. (11 s.)

Sjøhelle, D. K. Om gråræin, bebifugler og ufoer. Barn lager sammensatte tekster, s. 127–146. (19 s.)

Nome, S. og Aasen, A. J. Skriving av digitale, sammensatte tekster, s. 147–160. (13 s.)

Torvatn, A. C. Ulike tilnærminger til undervisning i sakpreget skriving, s. 241–250. (9 s.)

Vinje, E. (2005). Om kanon i litteraturundervisninga. I B. K. Nicolaisen, L. Aase og L. J. Larsen (red.) Kulturmøte i tekster: Litteraturdidaktiske perspektiv. Oslo: Det norske Samlaget, s. 72–87. (15 s.)

Enkeltartiklar og -kapittel kan kome i tillegg.


Skjønnlitteratur

Hamsun, K. (1894). Pan. Oslo, Gyldendal.

Hamsun, K. (1968/1939). Fra det ubevisste sjeleliv. Oslo. Gyldendal, s.33-44. (Artikkel/manifest)
Tilgjengeleg frå: http://www.fag.hiof.no/lu/fag/norsk/2/202/lev/Sult/Fra%20det%20ubevidste%20Sj%C3%A6leliv5.htm

Hellstenius, Axel. 2001. Titanics ti liv. Leseløve. Oslo: Damm. (Både bok og film vil bli brukt i undervisninga)

Ein grøssar for barn.

Eit utval lyrikk, noveller og teikneseriar/teikneserieromanar som blir bestemt ved semesterstart.

Inntil 3 skjønnlitterære verk kan kome i tillegg.

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Muntlig eksamen

Termin Statuskode Vurderingsform Vekting Hjelpemidler Dato Tid Rom *
Høst UTS Muntlig eksamen 100/100
Vår ORD Muntlig eksamen 100/100
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.