Ufullstendig helse- og omsorgshjelp

Ufullstendig helse- og omsorgshjelp

og kompetansebehov i sjukeheimar

Her kan du lese rapporten om ufullstendig helse- og omsorgshjelp.

Denne rapporten er skriven på oppdrag frå Helsedirektoratet og handlar om ufullstendig helse- og omsorgshjelp og kompetansebehov i norske sjukeheimar. Rapporten er basert på eit forskingsprosjekt som er gjennomført av Senter for omsorgsforsking (SOF) i perioden september 2021 til desember 2022.

Bakgrunn og problemstillingar

Tidlegare forsking viser at ufullstendig helse- og omsorgshjelp er vanleg i helse- og omsorgstenestene i kommunar. Misforhold mellom bemanning og hjelpebehov/pleietyngde, samt kompetanseutfordringar i tenestene, kan vere medverkande årsakar til at helse- og omsorgshjelpen blir ufullstendig. Det har vore påpeikt behov for fleire studiar om ufullstendig helse- og omsorgshjelp i sjukeheimar, og leiingens perspektiv er trekt fram som eit av holene i forskinga på området. Følgjande fire problemstillingar har vore styrande for arbeidet med denne rapporten:

  1. Kva førekomst og typar av ufullstendig helse- og omsorgshjelp finst i norske sjukeheimar?
  2. Kva samanhengar kan identifiserast mellom ufullstendig helse- og omsorgshjelp i sjukeheimar og karakteristika ved tilsette?
  3. Kva samanhengar kan identifiserast mellom ufullstendig helse- og omsorgshjelp i sjukeheimar og personalressursar, karakteristika og organisatoriske forhold ved kommunane, sjukeheimane og deira bebuarar?
  4. Korleis handterer leiarar i sjukeheimar balansen mellom pasientbehov, kompetanse og kapasitet?

Metode

For å svara på desse spørsmåla har vi brukt både kvantitativ og kvalitativ metode. Den kvantitative delen av prosjektet er basert på ei elektronisk spørjeundersøking blant pleiefagleg helsepersonell i 46 sjukeheimar, samt registerdata. I spørjeundersøkinga nytta vi den norske versjonen av Basel Extent of Rationing of Nursing Care for nursing homes, som består av 20 einskildspørsmål fordelt på fire hovudområde for ufullstendig helse- og omsorgshjelp: rutinemessig pleie, pleie ved behov, psykososial omsorg og dokumentasjon. For å få ei oversikt over sjukeheims­pasientar, tenestebruk, tilsette og stillingstypar fekk vi utlevert aggregerte registerdata frå Kommunalt pasient og brukerregister og KS’ PAI-register. I tillegg innhenta vi offentleg tilgjengelege data og statistikk frå Statistisk sentralbyrå om kommunane sin sentralitet og sjukeheimsektoren i Noreg. Utvalde registerdata vart samanstilt med data frå spørjeundersøkinga. Data vart analysert med beskrivande statistikk og bivariate analysar. For å undersøke korleis leiarar i sjukeheimar handterer balansen mellom pasientbehov, kompetanse og kapasitet, gjennomførte vi ei kvalitativ intervjustudie. Data er basert på 13 individuelle intervju og fire fokusgruppeintervju med totalt 16 leiarar frå sjukeheimar der vi hadde gjennomført spørjeundersøkinga. Dei fleste leiarane deltok både i individuelle og fokusgruppeintervju. Data vart analysert med kvalitativ innhaldsanalyse.

Prosjektleiar

Rose Mari Olsen Senter for omsorgsforsking, midt

E-post: rose.m.olsen@nord.no

Telefon: 976 06 180

Finansiering

Helsedirektoratet