covid-19 artikkel

Erfaringar med COVID-19 i norske sjukeheimar

Arbeidet med ein underlagsrapport om sjukeheimar og erfaringar knytte til covid-19 på oppdrag frå Koronakommisjonen har vorte utført av ei forskargruppe ved dei fem sentra for omsorgsforsking.

 

Det overordna målet med prosjektet har vore å skaffe kunnskap om erfaringar med covid-19-pandemien ved norske sjukeheimar, inkludert kor godt førebudd dei var på å handtere ein slik pandemi, kva utfordringar pandemien har ført med seg, og korleis sjukeheimane faktisk har handtert desse.

 

Hovudspørsmåla for oppdraget var:

 

• I kva grad var sjukeheimane førebudd på ein pandemi?

• I kva grad lukkast personalet med å finne tilpassingar dersom dei ikkje klarte å ivareta behova til bebuarane som tidlegare?

• Kva prioriteringar spelte seg ut i praksis med omsyn til oppgåver og omsorg for bebuarar med ulike behov (både internt og knytt til samhandling eksternt)?

• Kva erfaringar gjorde dei pårørande seg i denne krevjande situasjonen?

 

Førehandstal frå Folkehelseinstituttet for det første året av pandemien viser at litt under 50 % av alle covid-19-relaterte dødsfall har skjedd i sjukeheimar, og at dødsraten har vore på om lag ein tredjedel av dei covid-19-smitta sjukeheimspasientane. Likevel indikerer tala at berre 3 % av sjukeheimsbebuarane blei smitta, medan om lag 1 % døydde. Til saman har 4 av 10 covid-19-relaterte dødsfall i landets sjukeheimar skjedd ved dei ti institusjonane med flest registrerte dødsfall. Dette viser at sjukeheimar som først fekk smitten, blei hardt råka.

 

Både den første og andre smittebølgen, med påfølgjande nedstenging, sette store krav til omorganisering og omfordeling av ressursar. Sjukeheimane har vist stor fleksibilitet når det gjeld ansvar og oppgåver.

 

Mange bebuarar har opplevd større grad av einsamheit enn før pandemien kom. Fleire tilsette og pårørande uttrykkjer bekymring for ivaretakinga av bebuarane si trong for sosial kontakt og dagleglivsaktivitetar. Dei har erfart at nokre bebuarar har forfalle raskare, både kognitivt og fysisk, enn dei gjorde før pandemien. Studien identifiserer etiske dilemma knytte til omsorga for bebuarane, mellom anna knytt til tvungen isolasjon utan tvangsvedtak og tvungen prøvetaking av bebuarar med kognitiv svikt og redusert samtykkekompetanse.

 

Pandemien har hatt ein høg pris for alle sjukeheimane, både for dei som bur der og dei som arbeider der. Pandemien har òg gitt høve til viktig erfaring og læring, både for sjukeheimane, kommunane og nasjonale myndigheiter. Nye kommunikasjonsformer og kommunikasjonsplattformer, samt endra og betra hygienetiltak, er tiltak under pandemien som synest viktige å vidareføre. Samtidig har erfaringar i ein pandemisituasjon avdekt område der sjukeheimane treng å styrkast, både generelt, mellom anna knytt til personellressursar, tilsetningsforhold og bygningsmessige forhold, og med omsyn til smittevern spesielt.

Prosjektleiar

Frode F. Jacobsen

Senter for omsorgsforsking, vest

Telefon: 55 58 72 12

E-post: frode.fadnes.jacobsen@hvl.no

Finansiering:

Koronakommisjonen