Kulturminneforvaltning

Forskning - Institutt for historiske studier

Kulturminneforvaltning

Hegnhuset på Utøya. Foto: Jørgen Wathne

Forskinga på feltet kulturminneforvaltning ved Institutt for historiske studier spenner vidt frå studium av kulturminne i utmark i Noreg, Sverige og Skottland, over til museumsstudium, studium av vond/vanskelig kulturarv, forsking på samskaping og meir inkluderande forvaltning av kulturarv, til studium av bruk og forvaltning av slavefort på Gullkysten i Afrika og kulturminne i Noreg knytt til den transatlantiske slavehandelen.

Forskningsprosjekter

Våre forskere innen kulturminneforvaltning arbeider for tiden med følgende prosjekter:

Prosjekter

Det lokale museet i den globale landsbyen

Ph.d.-prosjektet Det lokale museet I den globale landsbyen er lokalisert innenfor det tverrfaglige fagfeltet museumsstudier. I prosjektet studerer jeg øyene Frøya og Hitra som case for å undersøke hvilke metoder små regional- og lokalhistoriske museer kan utvikle for å tilpasse seg aktuelle samfunnsendringer.

Basert på ulike teorier om dialog, utvikler jeg metoden ‘det dialogiske intervju’ som gir museer et redskap til å gjøre lokalhistorie relevant for ulike besøkendegrupper, spesielt innvandrere som har vært en viktig del av utviklingen på Hitra og Frøya de siste årene. Metoden blir testet og diskutert ut fra dess potensiale til å hjelpe små kulturhistoriske museer å utføre oppgaver innenfor en sosial engasjert museumspraksis.

Prosjektet gjennomføres delvis i samarbeid med utviklingsenheten MiST (Museene i Sør-Trøndelag) og Kystmuseet i Sør-Trøndelag (del av MiST). -Ph.d.-prosjekt, Insa Müller


July 22 and the Negotiation of Memory

Utstillingen ved 22.juli-senteret, Oslo. Foto: Ann Kristin Lindaas /KMDProsjektet July 22 and the Negotiation of Memory forsker på terrortragediens kulturelle etterliv i det norske samfunnet. Prosjektet har et særlig fokus på måten tragedien gjennom tidsspesifikke og permanente markeringer blir presentert og fortolket i våre offentlige rom. Prosjektdeltakerne, Tor Einar Fagerland, Line Gjermshusengen og Ingeborg Hjorth, har også rådgivende og deltagende roller i flere sentrale minneprosjekter etter 22.juli, deriblant utviklingen av 22.juli-senteret og AUFs Hegnhuset på Utøya.

Prosjektet eies av Program for kulturminneforvaltning ved Institutt for historiske studier, NTNU, og finansieres av NTNU og Stiftelsen Falstadsenteret.
Se prosjektets forskningsresultater i Cristin. -Prosjektdeltakere Tor Einar Fagerland, Line Gjermshusengen og Ingeborg Hjorth


Kulturminne i utmark

Setergrenda Vålåskaret i Resdalen. Foto: Aud Mikkelsen Tretvik– historisk arealbruk, forvaltning og dagens utfordringar: ei komparativ undersøking av Noreg, Skottland og Sverige. Hovudmålet med dette prosjektet er å få auka kunnskap om kulturarv i utmark frå tidlig moderne og moderne tid og forvaltninga av denne kulturarven, ved å bruke data frå samanliknbare regionar i Noreg, Skottland og Sverige, for å sikre det vi ser som verdifulle spor og leivningar frå fortida.

Prosjektet skal gjennomføre ei kritisk gransking av dei ulike standardane som er utvikla for å vurdere kulturarv i dei aktuelle landa med tanke på å spegle forvaltningsnormer, forvaltningspraksisar og oppfatningar av fortida.

Prosjektet har som mål å presentere idealtypar for integrert forvaltning av natur- og kulturarv når det gjeld både materielle og immaterielle aspekt og bidra til å utvikle forvaltningsreiskap for kulturarv i dei involverte landa. Dessutan tar prosjektet sikte på å utvikle program for berekraftig formidling av kulturminne i utmark, på staden, gjennom utstillingar eller ved andre medium. -Prosjektleiar Aud Mikkelsen Tretvik


MINDGAP

Prosjektplanlegging MINDGAP. Foto: Aud Mikkelsen Tretvik– tilrettelegging for samskaping av berekraftig og inkluderande kulturminneforvaltning: ta omsyn til gapet mellom kulturelle, sosiale og administrative eininga. Måla med dette prosjektet er å få meir utdjupande kunnskap om dagens forhold mellom kulturarvsinstitusjonane og det samfunnet dei er ein del av, teoretiske og praktiske verktøy for tolking og mekling i samskapingsprosessar når det gjeld kulturarv, breiare deltaking og representasjon ved kulturarvsinstitusjonar, auka generelt sosialt utbytte blant deltakarane og styrka internasjonalt samarbeid og nettverk innafor kulturarvssektoren.

I prosjektet deltar ei forskargruppe ved Institutt for historiske studier i samarbeid med ein forskar ved MiST (Museene i Sør-Trøndelag), og det er sett opp eit konsortium der partnarane er Norsk senter for bygdeforsking; Astra National Museum, Sibiu Romania; Nordiskt centrum för kulturarvspedagogik, Östersund; Trinity College, Dublin og universitetet i Santiago de Compostela. -Prosjektleiar Aud Mikkelsen Tretvik.


Noreg i den transatlantiske slavehandelen

Christiansborg, i dag Osu Castle Accra, Ghana. Foto: Jon Olav HoveProsjektet fokuserer på minner om Danmark-Noreg si rolle i den transatlantiske slavehandelen. Nordmenn var del av denne handelen frå 1600-talet og fram til 1800-talet, og me finn i dag fleire fysiske restar etter dette ulike stader i verda. Dette forskingsprosjektet undersøker korleis desse restane har vorte og vert forstått og forvalta, både i Ghana og i Noreg. På denne måten utforskar det korleis minne etter slavehandelen har utvikla seg fram til i dag. Prosjektet utforskar også korleis den på mange måtar vanskelege historia om slavehandelen kan formidlast i framtida, med eit spesielt fokus på bruk av digitale verktøy. -Postdoc-prosjekt, Jon Olav Hove

13 mar 2017