ISP-bok

ISP-bok

 Anette Fagertun, Laila Tingvold og Linda Madsen

Omsorgskrisa handlar ikkje berre om fleire hender

Kommunale omsorgstenester vert forma av langt meir enn behovet for pleie og hjelp. Nye krav til styring, effektivisering og prioritering påverkar både tilsette, brukarar og pårørande – og endrar sjølve grunnlaget for velferdsstaten.

Av Anne Elise Hong

     Klikk her for å lese boka.

– Kommunale helse- og omsorgstenester fungerer ikkje isolert. Dei heng saman med politikk, økonomi, profesjonar, frivilligheit, pårørande og brukaranes eigne livssituasjonar. Når éin del av systemet vert endra, får det konsekvensar for dei andre delane òg.

Dette seier Anette Fagertun (SOF, vest), Laila Tingvold (SOF, aust) og Linda Madsen (SOF, sør). Saman er dei redaktørar for den nye boka Samanhengar i kommunalt omsorgslandskap. Boka undersøker korleis dei kommunale helse- og omsorgstenestene i Noreg vert forma, utfordra og endra i ei tid prega av det forfattarane omtalar som både ei «berekraftskrise» i velferdsstaten og ei «omsorgskrise».

Eit omsorgslandskap i endring

Anette Fagertun fortel at ideen bak boka er å utforske korleis kommunale helse- og omsorgstenester prøver å realisere velferdsstatens ideal om universalisme, likskap og rettferd i ei tid prega av ei eskalerande omsorgskrise.

– Me ser på tenestene som eit breitt landskap av tenester, aktørar, arbeidsformer, interesser og behov. Samanhengane mellom desse skaper ein kompleksitet som heile tida er i endring. Endringane me identifiserer kan ikkje berre utfordre velferdsideala, men òg korleis me forstår omsorg og kva plass omsorg skal ha i velferdsregimet vårt, seier Fagertun.

I boka vert tenestene skildra gjennom ein naturmetafor – som eit slags økosystem:

– Når ulike delar av økosystemet vert endra – til dømes gjennom nye reformer, prioriteringar eller krav om effektivisering – får det konsekvensar for dei andre delane av systemet, seier Tingvold.

Ho meiner at metaforen understrekar at kommunale helse- og omsorgstenester må analyserast som del av ein større institusjonell og politisk heilskap.

Auka styring påverkar arbeidskvardagen

I boka peikar forfattarane på at tilsette i helse- og omsorgstenestene møter eit stadig sterkare styringstrykk.

– Det vert skapt ei spenning mellom den historisk etablerte kommunale autonomien og den sentrale reguleringa av tenestene i kommunen, seier Fagertun.

Ho viser til at stadig fleire politiske meldingar og styringssignal rettar seg direkte mot kommunane, mellom anna gjennom prioriteringsdebattar og målet om at folk skal bu heime lengst mogleg. Dette merkast i arbeidskvardagen gjennom fleire rapporteringskrav, strammare lovverk, nye retningslinjer og aukande forventningar om effektivisering.

Linda Madsen legg til at fleire av kapitla òg tek opp korleis endringar i det kommunale omsorgslandskapet inneber auka individualisering og ei større overføring av ansvar og oppgåver til innbyggjarane – både pasientar og pårørande.

Vil stimulere til kritisk refleksjon

– Boka vår har ein eksplisitt ambisjon om å vise korleis dei kommunale tenestene vert forma gjennom alle dei ulike samanhengane dei inngår i, seier Fagertun.

Forfattarane håpar lesarane sit att med ei større forståing av den sentrale rolla dei kommunale helse- og omsorgstenestene spelar i samfunnet vårt.

– Tenestene er ikkje statiske storleikar. Dei vert forma kontinuerleg gjennom reformer, styringslogikkar og samfunnsendringar. Nettopp derfor er det viktig å undersøkje korleis omorganisering og prioriteringar påverkar både tilsette, tenestetilbodet og menneska som mottek hjelp, seier Tingvold.

Breidda i bidraga

Samanhengar i kommunalt omsorgslandskap samlar bidrag frå forskarar som undersøker utviklinga i kommunale helse- og omsorgstenester frå ulike perspektiv, med særleg vekt på styring, organisering, ansvar og velferdsstatens framtid.

Bidragsytarane kjem frå ei rekkje fagfelt – mellom anna sosialantropologi, sosiologi, økonomi, STS og sjukepleievitskap – og kombinerer ulike metodar og teoretiske perspektiv. Kapitla tek opp spørsmål som:

• Korleis vert tenestene opplevde av eldre og pårørande?
• Korleis arbeider grasrotbyråkratiet med tildeling av tenester?
• Kva normer pregar utviklinga av tenestene?
• Korleis vert behov og problem konstruerte i politikk og reformer?
• Korleis bidreg kommunale tenester til arbeidsinkludering for personar med psykiske helseutfordringar?

Eit tydeleg bakteppe: kjønna arbeid, prekarisering og press

Boka løftar fram at omsorgsarbeid i Noreg – som i mange andre land – er sterkt kjønna og i aukande grad prega av prekarisering. Forfattarane peikar på høgt arbeidspress, deltidsnorm, rekrutteringsutfordringar og aukande forventningar til både tilsette og pårørande. Dette dannar eit viktig bakteppe for fleire av kapitla.

Eit forskingsfelt i utvikling

Boka peikar på at forsking på det kommunale nivået i velferdsstaten har vakse fram dei siste 20 åra. Forfattarane understrekar at dette forskingsfeltet framleis er ungt, og at meir dialog mellom ulike «forskingssiloar» kan styrkje kunnskapsgrunnlaget og gi meir heilskaplege analysar av utviklinga i velferdsstaten.