Tidligere arrangement masternettverk

Tidligere arrangement

2022

17. februar, kl. 13–15: Nettseminar om rettleiingsprosessen – rammer og innhald

Tett på rettleiingsprosessane

I dette seminaret møter vi stipendiat Turi Marte Brandt Aanerud frå NTNU. Ho forskar på masterrettleiing i lærarutdanninga og går tett på arbeidet til to studentar og rettleiarane deira i det siste semesteret av eit masterstudium i norskdidaktikk. I innlegget sitt vil ho dele erfaringar og førebelse funn frå denne forskinga. Dermed vil ho sette nærlys på prosessar som dei fleste av nettverksmedlemmene er inne i no – og som vi vil få høve til å diskutere med kollegaer i seminaret. 

I tillegg får vi små drypp med erfaringar frå fire ulike lærarutdanningsinstitusjonar. Denne gongen står Stavanger, Volda, Innlandet og Nord for tur, og vi har utfordra sentrale fagpersonar herifrå til å seie litt om korleis dei har lagt til rette nettopp for gode rettleiingsprosessar.

30. mai, kl. 13−15: Nettseminar om vurdering av masteroppgåver

Gjennom to studieår med tilrettelegging, undervisning og rettleiing har vi tileigna oss erfaringar som vi på ulike vis tar med oss inn i siste fase av «masterarbeidet». I dette seminaret får vi høve til å diskutere det mange er opptatt av for tida, nemleg vurdering av masteroppgåver. Som bakgrunn for diskusjonen vil vi også få presentert relevante erfaringar frå forsking på vurdering.

Frå programmet:

  • Informasjon frå styringsgruppa, ved nettverksleiar Randi Solheim
  • Om tolkingsfellesskap i arbeid med masteroppgåver, ved førsteamanuensis Lennart Jølle, NTNU
  • Diskusjon og erfaringsdeling basert på innlegget og aktuelle erfaringar
  • Status og innspel frå institusjonane: Korleis kan vi legge til rette for gode vurderingspraksisar?

22.−23. november: Kvalitet i masteroppgåvene

Konferanse i regi av Nasjonalt nettverk for masterrettleiarar i lærarutdanningane

Konferansestad: UiT Norges arktiske universitet, ILP-bygget. Fellesøktene finn stad i 
Rom 1.059 – Auditorium Didaktikken.

På konferansen vil vi diskutere temaet kvalitet i masteroppgåver gjennom fleire inngangar; frå ulike rammer og format via forankring i fag og profesjon til erfaringar frå vurderingsarbeid og sensur.

Det blir sett av god tid til diskusjon av overordna problemstillingar så vel som konkrete spørsmål. Med konferansen håpar styringsgruppa å bidra til gode samtalar, fagleg utvikling og danning av profesjons- og tolkingsfellesskapar både innanfor og på tvers av fagfelt og institusjonar.

Program

Tysdag 22. november

11.00 Registrering og lunsj

12.00 Velkommen!

  • Opning av konferansen ved instituttleiar Siw Skrøvset
  • Innleiing ved nettverksleiar Randi Solheim
  • Kunstnarleg innslag

12.30 Rammer og format for masteroppgåvene

  • Innleiing ved Mari Nygård og Hilde Brox
  • Tuva Bjørkvold, OsloMet: Om entreprenørielle masteroppgåver
  • Kari Mette Holdhus, Høgskulen på Vestlandet: Om masteroppgåver i kunstfag

13.30 Kaffi og prat
 
14.00−14.30 Om praksisforankring og profesjonsretting av masteroppgåvene. Moglegheiter og utfordringar med bakgrunn i forsking på lærarutdanning. Foredrag (digitalt) ved Elaine Munthe, professor og senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning, UiS. 

14.45−16.00 Kva erfaringar har vi gjort oss, og kva tar vi med oss vidare? Diskusjonar i ulike fagrom (matematikk, naturfag, samfunnsfag og KRLE, norsk og engelsk, praktisk-estetiske fag, pedagogikk) 

16.15−17.15 Forfriskingar, fingermat og kunstvandring i UiTs lærarutdanningslandskap, møte med Tegson

19.00 Festmiddag på Scandic Ishavshotell

Onsdag 23. november

9.00 Vurdering av masteroppgåver

  • Innleiing ved Lennart Jølle: Erfaringar frå vurderingsarbeid og sensur
  • Paneldebatt med stemmer frå universitetsleiinga, ulike lærarutdanningsfag og studentane:
    • Vibeke Bjarnø, instituttleiar, OsloMet
    • Håkon R. Folkenborg, dosent i samfunnsfag, UiT
    • Kari Mette Holdhus, professor i musikkpedagogikk, HVL
    • Åshild Søfteland, førsteamanuensis i norsk, HiØ
    • Ina Helen Møller, nyutdanna lærar
    • Debattleiar: Randi Solheim

10.15 Kaffi og prat

10.30 Kva vurderingserfaringar har vi gjort oss? Korleis kan vi arbeide vidare med vurdering av masteroppgåver − lokalt og nasjonalt? Diskusjonar i fagrom (jf. over)

11.45 Avslutning og oppsummering

12.00 Lunsj (– og eit lite lunsjmøte med kontaktpersonane frå dei ulike institusjonane)


2021

Masteroppgåva – oppstarten og rammene

8.–9. november 2021 arrangerte nettverket ein konferanse om ulike typar masteroppgåver. (Konferansen var opphavleg lagt til Tromsø, men måtte leggast om til eit digitalt arrangement på grunn av eit stort koronautbrot.)
 
Denne hausten står lærarutdannarar frå heile landet klare til å hjelpe masterstudentar med å utvikle spede idear og faglege visjonar til å bli masterprosjekt. Nasjonalt nettverk for masterrettleiarar i lærarutdanningane håpar gjennom denne konferansen å bidra til gode rammer for oppstarten – og gode faglege diskusjonar. 

Vi legg opp til ein arbeidskonferanse der dialog om ulike typar masteroppgåver står sentralt. Som bakteppe for diskusjonane, startar vi opp med eit plenumsforedrag av Ulrika Bergmark, professor i pedagogikk ved Luleå tekniska universitet. Temaet hennar er akademisering av lærarutdanning og skule – sett frå grannelandet.

Sentralt i programmet første dag er aktiviteten i temarom der ulike design og metodiske inngangar blir presenterte (sjå nedanfor «Tema- og fagrom»). Her er vi er i ferd med å engasjere dyktige innleiarar som har erfaring frå relevante lærarutdanningskontekstar. 

Neste dag er temaromma inndelte etter fagfelt. Også her blir det innleiingar, m.a. med presentasjon av ulike typar masteroppgåver i faga, og det blir rom for å diskutere korleis overordna metodiske rammer og design kan tilpassast spesifikke faglege diskursar og ulike prosjekt.


Program november masternettverk

Program 

Måndag 8. november

1100 Velkommen! Opning av konferansen

11.15–1200 Om akademisering av lærerutdanning og skule: Plenumsforedrag ved professor Ulrika Bergmark, Luleå tekniska universitet

12.00–12.15 Spørsmål og diskusjon med utgangspunkt i foredraget

12.15–12.30 Introduksjon til arbeidet i temaromma

12.30–13.30 Lunsj

13.30–17.00 Temarom om ulike metodar og design – to sesjonar (sjå oversikt)

17.15 Buss til UiT Norges arktiske universitet

17.30–18.45 Forspel med omvising og kulturinnslag på Institutt for lærarutdanning og pedagogikks nybygg

19.30 Konferansemiddag på Scandic Ishavshotell

Tysdag 9. november

09.00 God morgon! Introduksjon til dag 2

09.15–12.00 Fagrom og fagdidaktisk verkstadarbeid (sjå oversikt)

12.00–13.00 Oppsummering. Vegen vidare for nettverket

13.00 Lunsj og avreise

Ulrika Bergmark

Ulrika Bergmark er fil. dr. og professor i pedagogikk ved Luleå tekniska universitet – og i tillegg utdanna lærar. For tida arbeidar ho som forskar i Piteå kommune, der ho samarbeider med rektorar og lærarar om å fylle lovpålegget om “en förskola och skola på vetenskaplig grund”. Ein sentral del av dette arbeidet er gjennomføring av aksjonsforskingsprosjekt. Bergmarks forskningsinteresser er elles samarbeid mellom skule og universitet, skuleutvikling, profesjonsutvikling blant lærarar, elevmedverknad og helsefremjande arbeid. 

Plenumsforedraget – som det er svært relevant å diskutere i lys av den norske lærarutdanningsreforma – presenterer Ulrika Bergmark slik: 

Akademisering av lärarutbildning och skolverksamhet:  hur påverkar det lärares yrkeskunskaper?

Akademiseringen av lärarutbildning och lärares arbete i förskola och skola ställer högre krav på vetenskaplighet, vilket riskerar att tränga ut lärares praktiska yrkeskunskap. I presentationen ges exempel på initiativ som syftar till att stärka både lärares vetenskaplighet och praktiska yrkeskunskap: praktiknära examensarbeten i lärarutbildning och lärares aktionsforskning.

Praktisk informasjon Masternettverk

På konferansen vil deltakarane kunne møte kvarandre i følgjande tema- og fagrom: 

Temarom, dag 1

  • Analyse av læremidlar: framgangsmåtar, tekstar og eksempel – ved Merethe Roos, USN
  • Diskursanalyse – ved Marielle Stigum Gleiss, MF
  • Etnografiske studiar – ved Joke Dewilde, UiO
  • Elevtekstanalyse – ved Anne Kristine Øgreid, OsloMet
  • Aksjonsforsking – ved Rachel Jakhelln og Annfrid Steele, UiT, og lærar Camilla Liljebakk
  • Kvantitative studiar og bruk av eksisterande kvantitative datasett – ved Oddveig Storstad og Eivind Kaspersen, NTNU
  • Analyse av videomateriale – ved Magne Olufsen, UiT

Fagrom, dag 2

  • Praktisk-estetiske fag
  • Norsk og andre språkfag
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Samfunnsfag
  • Pedagogikk (profesjonspedagogikk og spesialpedagogikk)

Deltakarane får beskjed om kva rom er plasserte i, ut frå påmeldinga. (Merk at det er gjort nokre endringar frå påmeldingsskjemaet, med bakgrunn i tal på deltakarar og tilgjengelege innleggshaldarar.)

Masternettverk tidligere arrangement

Nettverkskonferanse

1. juni 2021 arrangerte nettverket en nasjonal konferanse med masteroppgaven, veiledning og vurdering som gjennomgangstema. Hovedinnlegget ble holdt av Viv Ellis, professor i utdanningsledelse i Melbourne, og medlem av NOKUTs internasjonale ekspertpanel, som ga innspill til masterreformen i grunnskolelærerutdanninga. Kunnskapsminister Guri Melby ønsket velkommen.

Konferansen ble gjennomført, av koronahensyn, som en digital halvdagskonferanse.


Konferanse 2021 masternettverk

Masteroppgåva – prosessen og produktet

Nettkonferanse i regi av Nasjonalt nettverk for masterrettleiarar i lærarutdanningane.

Som ei felles opplading til konferansen, oppmodar vi deltakarane om å gå inn på denne plattforma, sjå dei to filmane som ligg der – og late seg inspirere og engasjere av samtalane om masterrettleiing. Det er veldig fint om de også deler refleksjonar i kommentarfelta. 

Program, 1. juni 2021

09.00 Velkommen, ved nettverksleiar Randi Solheim

09.05 Helsing frå kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby

09.15 Viv Ellis, Monash University, Melbourne: The Master’s thesis as a boundary object: What does that mean? Kommentarar og spørsmål

10.00 Studentstemmer om masteroppgåver, masterutdanning og læraryrket

10.15 Pause

10.30 Rachel Jakhelln, UiT: Masteroppgåva i GLU: Korleis kan vi forstå rettleiingsprosessen? Fagleg innleiing (15 min.) til gruppediskusjon (20 min.)

Beinstrekk og kaffipåfyll

11.10 Lennart Jølle, NTNU: Etisk og/eller objektivt? Korleis kan vi snakke om masteroppgåvevurdering? Fagleg innleiing (15 min.) til gruppediskusjon (20 min.)

11.45–12.00 Oppsummering, avslutning og blikk mot neste studieår

Vi oppmodar alle dei lokale arbeidsgruppene om å arrangere ein koronatrygge konferanselunsjar med kohortkollegaer – og å halde fram diskusjonen!

Guri Melby

Guri Melby er lærar, lærarutdannar og kunnskapsminister. Ho har eit stort engasjement for skule- og utdanningspolitikk, og ho ønskjer masterreformen i lærarutdanninga velkommen. Ho ønskjer også deltakarane varmt velkommen til konferansen!

Viv Ellis

Viv Ellis er internasjonalt anerkjent som ekspert på lærarutdanning, og som forskar i feltet. Han har arbeidd med utdanningspolitikk både Australia, Asia og Europa – sist som medlem av NOKUTs ekspertpanel i samband med innføringa av masterreformen i den norske grunnskulelærarutdanninga. For tida er han dekan ved Faculty of Education, Monash University i Melbourne. Han har tidlegare vore direktør ved Centre for Innovation in Teacher Education and Development, eit partnerskap mellom King’s College i London og Teachers College, Columbia University i New York, der han også har eit æresprofessorat. Han er elles redaktør av den nye bokserien Keywords in Teacher Education på forlaget Bloomsbury.

Rachel Jakhelln, Lennart Jølle

Rachel Jakhelln og Lennart Jølle er begge medlemmer i styringsgruppa til Nasjonalt nettverk for masterrettleiing i lærarutdanningane. På konferansen innleier dei til diskusjon om sine fag- og forskingsfelt, høvesvis lærarutdanning og vurdering, og dei vil relatere erfaringar herifrå til arbeidet med masteroppgåver i lærarutdanningane – både som prosess og produkt.

Tidligere arrangement masternettverk 2


NOKUTs masterseminar

18. mars 2021 arrangerte NOKUT, i samarbeid med Nasjonalt fagorgan for grunnskolelærerutdanning, et seminar for å følge opp anbefalingene ekspertpanelet som ga innspill til masterreformen (Advisory Panel for Teacher Education, APT). Hovedtemaet var veiledning av masteroppgaver, og arbeidet i det nasjonale masternettverket ble også presentert på seminaret.