Arrangement

Arrangement


Praksisforankra masteroppgåver i grunnskulelærarutdanninga

Nettseminar 22. mars kl. 9−11

Program

9.00 Velkommen! Status for nettverket og planar for dagen, ved nettverksleiar Randi Solheim

9.10 Rune Herheim og Fredrik Eidsvåg, Høgskulen på Vestlandet: Forskingssamarbeid om matematikkundervising mellom HVL og skular – med masterstudentar som bindeledd

9.25 Anne Grøntvedt og Ane Opdøl Kopreitan, lærarar ved Charlottenlund ungdomsskole: PRANO-prosjektet − Praksislærernes betraktninger

9.45 Kaffi og samsnakk: Korleis tolkar vi rammeplanomgrepa praksisorientert og profesjonsretta

10.00 May Britt Postholm: «Hvordan kan vi vite hva som er relevant for skolen? Vi må snakke sammen!» Erfaringer fra LAB-Ted

10.20 Diskusjonar og erfaringsdeling i grupperom

10.50 Oppsummering og vegen vidare

Kort om bidragsytarane

  • Rune Herheim er professor i matematikkdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet og har lang erfaring frå samarbeid med lærarar i skulen. Fredrik Eidsvåg er tidlegare masterstudent i matematikkdidaktikk, i dag tilsett ved Bergen private gymnas. 
  • Anne Grøntvedt og Ane Opdøl Kopreitan er erfarne lærarar frå Charlottenlund ungdomsskole i Trondheim. Dei er praksislærarar og medrettleiarar i prosjektet PRANO (Praksisforankra norskfagelege masteroppgåver) ved Institutt for lærarutdanning, NTNU.
  • May Britt Postholm er professor i pedagogikk og kvalitativ metode ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Saman med Rachel Jakhelln ved UiT leier ho prosjektet LAB-Ted (Learning, Assessment and Boundary crossing in Teacher education), og forskar på samarbeid med skular om FoU-, bachelor- og masteroppgåver i grunnskulelærarutdanninga.

Påmelding og praktisk informasjon

Påmelding og praktisk informasjon

Påmelding

Påmeldingsfrist: 15. mars.