hotspots-title

Hotspots

En nasjonal artsmangfoldsportal for Norge

HOTSPOTS

Kor finn vi Noregs mest verdifulle natur? Dette er eit avgjerande spørsmål i mange av dei store arealkonfliktane vi ser i dag. Men kunnskapen om artsmangfaldet i landet er skeiv: område nær vegar og byar er godt kartlagde, medan store delar av landet framleis er «kvite flekkar» på kartet. 

 

Difor har Gjærevollsenteret, i samarbeid med forskarar frå NINA og Universitetet i Bergen, på oppdrag frå Miljødirektoratet, analysert over 35 millionar artsregistreringar gjennom integrerte artsutbreiingsmodellar. Desse modellane kombinerer tilfeldige funn med systematiske registreringar som også dokumenterer kvar artane ikkje finst. Slik kan dei rette opp skeivheitene i datagrunnlaget. Kart over kor vi har dei mest og minst artsrike områdane i landet er basert på om lag 7700 artar av fugl, insekt og edderkoppdyr, karplantar, sopp og lav. Oppløysinga er på 500 × 500 meter. Kvar rute viser estimert tal på artar, tal på truga artar, nasjonale ansvarsartar – og kor stor usikkerheita er. 

Resultata stadfestar at artsrikdomen er høgast på Sør- og Austlandet, medan ansvarsartane er mest utbreidde i fjellområde og nord i landet. Kartlegginga avdekkjer også store kunnskapshol: ruter med høg usikkerheit peikar direkte på kvar nye feltundersøkingar bør prioriterast før ein vedtek naturinngrep eller vern. 

Dette er første generasjon av eit ope og etterprøvbare reiskap som handterer dei største skeivheitene i norsk artsdata. Målet er å gi forvaltarar, kommunar og næringsliv eit godt kunnskapsgrunnlag for å kunne balansere utviklingsbehov med omsynet til naturen.