prosjekter - nettutstilling - landslova

  • Kong Magnus VI Lagabøter

    Codex Hardenbergianus, skrive på 1300-talet. Finnes i Det Kongelige Bibliotek, København.

     

     

  • Eksemplar av Landslova frå cirka 1370 - 1390

    Codex XA HA Qv. 1. Handskriftet stammar frå kanselliråd Christopher Hammers (1720-1804) boksamling som vart testamentert til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

  • Hardenberger Codex

    Codex XA HA Qv. 1. Hefta i grått pappbind. Landslova med register, men utan rettebøter og epilog.

     

     

  • Hammer-manuskriptet av Landslova

    Codex XA HA Qv. 1. Mellomalderhandskriftet er skrive på norrønt av ein person med søraustnorsk språkleg bakgrunn.

     

     

  • XA Qv 135 papirhandskrift av Landslova

    Biletet viser forsida til handskriftet XA Qv. 135, som er eit papirhandskrift datert til 1604 - året før Christian 4's Norske Lov vart teken i bruk.

     

     

  • Manuskript av Landslova frå 1500-talet

    Codex XA Qv. 135. Med ryggtittelen: "Norskee Lov". Innbunden i brunt skinnbind med forgylt rygg.

     

     

  • Skrivarvers om lov og rett frå 1500-talet

    Codex XA Qv. 135. "Hva en Domere bør at acte oc altid haffue i sinde..".

     

     

  • Tabell over slektskapstilhøve til bruk i arvesaker

    Codex XA Qv. 135. Tabellarisk oversikt over slektskapstilhøve til bruk i arvesaker. Det tomme feltet, nr 1, er satt av til "Ego"; altså utgangspunktet for arverekkjefølgja.

     

     

  • Dansk omsetjing av Landslova

    Codex XA Qv. 506. Landslova i dansk omsetjing, ca. 1595. Handskriftet kom til biblioteket i 1888, etter å ha blitt "Fundet paa Realskolens Mørkeloft".

     

     

  • Kjøpebolken - bolk nummer åtte av Landslova

    Codex XA Qv. 506. "Den syvende Bogh i Loughen som kaldis Kiøbebolcken". Første kapittel: "Ingen skall Tag fra Hin Anden".

     

     

  • Mannhelgebolken, kapittel 30, Landslova

    Codex XA Qv. 506. "Hvor der bør tage rett effter Quinder eller Møøer, der bliffuer Lockide".

     

     

  • Codex XA Oct. 57. Handskrift på papir, skrive på dansk, ca. 1580.  Innbunde i kvitt, figurert skinnbind med messingspenner og beslag.

     

     

  • Landslova - landevernsbolken; om bygging av langskip

    "Nu ældes skib I herredet, da skal et nyt gjøres efter kongens raad for bondekassens regning." Tarangers omsetjing.

     

     

  • Christian IV's norske lov frå 1604.

    Libr Oc 5213. Christian IV's Norske Lov 1604. Dette er den første, trykte eksemplaret av landslova; utgjeve 1610. Boka har tilhørt Sigrid Undset. 

     

     

  • Christian IV's norske lov av 1604; ein annen variant

    Libr Oct 5213. Christian IV's Norske Lov vart i 1605 send til alle lagmenn i Noreg med påbod om "efter same logbog at kjende og dømme".

     

     

  • Manuskript XA Qv 189 avskrift: Akter om forhold i Norge og Danmark 1500-1700

    Codex XA Qv. 189. Papirhandskrift ca. 1750. Det byrjar med ei avskrift: "Af een gammel skreven Norsk Lovbog... Ao 1534 fiorten Dage Effter St. Hans Dag, stoed Salig Iwer Jensen Brølop med Welbyrdig Frue Karine Galde på Thom i Børgesyssel".

     

     

  • Manuskript XA Qv 189: regula juris

    Codex XA Qv. 189. "Regula juris", ei samling av grunnleggjande juridiske prinsipp, som var utbreidd over heile Europa.

     

     

  • Teikning og forklaring av primstaven, XA Qv 189, manuskript

    Codex XA Qv. 189. Primstaven, av antikvarisk interesse som ei gamal, norsk kalenderform. I denne avskriftsboka er kalenderen både teikna og forklart.

     

     

prosjekter - nettutstilling - landslova - tekstramme

Banner - Norgis Riiges Lougbog

Landslova ut til folket!

I middelalderen var det fire store lagting: Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting. Tinget på Frosta gjekk føre seg på garden Logtun på Frosta kvar sommar på Botolvsok. Lovtekstane, som var frå eldgammal tid, vart først nedskrivne på 1000-1200-talet. Frå 900-talet møtte representantar  utnemnde av kongens ombodsmenn. Magnus Lagabøter fastsette menn frå Namdalen, Romsdalen, Nordmøre og Oppdal. Til saman vart dette ca. 485 menn på kvart ting. Erkebiskop Eystein skreiv eit ordensreglement for tingsamlinga ca. 1180:

"Dette er erkebiskop Eysteins råd og bod med samtykke frå dei visaste menn, at folk skal gå fastande til tings og søkje til tinget når sola står i aust og vera på tinget til non. Men den presten som rår for boka, han skal ringje med storklokka (i Loktu kyrkje) når han vil gå til tings med boka". 

Kong Magnus Lagabøter var den første som ga ut ei lovsamling som gjaldt for heile Noreg. Den blir kalla Magnus Lagabøters landslov, og ble delt ut til tingmennene på kvart av dei fire, norske tinga i åra mellom 1274 og 1276. Truleg ble Landslova først presentert på  Frostating. NTNU Gunnerusbiblioteket har fleire utgåver av Landslova som du kan sjå av biletene i denne nettutstillinga.

Nettutstillinga er sett saman av professor Jørn Øyrehagen Sunde, professor Jan Ragnar Hagland og universitetsbibliotekar Sølvi Løchen og Inger Langø. Foto: Nils Kristian Eikeland, NTNU.