Missale Nidrosiense

Missale Nidrosiense

I 1519 fekk erkebiskopen i Nidaros Erik Valkendorf utgitt eitt verk som føreskreiv korleis gudstenestelivet skulle foregå i heile det store erkebispedømmet. Kolsrud finn det ikkje usannsynleg at det var hans gamle medbroder Christiern Pedersen som gav erkebiskopen ideen om å trykke bøker, då dei møttest til kongekroninga i København i 1513 (Kolsrud 1957: 367). Mange kyrkjer hadde før den tid berre handskrivne liturgiske bøker. Mange av dei var i dårleg forfatning, var ufullstendige og inneheldt feil. Vi veit at det for å bote på denne mangelen, vart brukt trykte messebøker frå engelske og tyske bispedømme i norske kyrkjer. Slike bøker inneheldt ofte andre forskrifter og presenterte andre helgen- og festdagar enn det det som var brukeleg i Nidaros. For å gjere bot på dette, ønska erkebiskopen å lage ei felles gudstenestebok som kunne gjere gudstenestefeiringa, både når det galdt ordlyden og det musikalske uttrykket, mest mulig likelydande i heile erkebispedømet. To geistlege frå Nidaros, magister Olav Engelbrektson og kantoren Peter Sigurdson, var sentrale i utarbeidinga av verket. Dei som hadde det faglege ansvaret for denne store liturgirevisjonen, var som kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud skriv det, alle «nordmenn og velstuderte folk» (Kolsrud 1957:366).

Missale Nidrosiense er på alle måtar eit stort og påkosta verk, i alt 304 sider i folioformat, trykt i to fargar, raudt og svart. Verket har ein detaljert kalender over kyrkjeåret der alle viktige helgendagar er avteikna, og inneheld altså tekstar for alle messas delar. Det er også liturgiske tekstar for heile kyrkjeåret, inkludert alle erkebispedømets særeigne helgen- og festdagar. Dei inkluderte dagane for dei heilage Magnus (16.april), Halvard (15.mai). Sunniva (8.juli) og Olav (28.juli og 3.august) dessutan for den lokale fingergullmessa (12.november). Det er frå dette verket vi kjenner tekstane frå Olavsfeiringa i erkebispedømet slik som den viktige sekvensen «Lux illuxit laetabunda». Dei eksemplara av missalet som er bevart, stammer frå ulike delar av landet. Det viser at missalet verkeleg vart spreidd til alle kyrkjene i erkebispedømmet. I tillegg er det tydeleg at dei vart tatt i bruk som dei bruksbøkene dei faktisk var. Kalenderen vart brukt til å avteikne lokale hendingar og meteorologiske observasjonar, og sjølve dei liturgiske tekstane har vore i regelmessig bruk - også etter reformasjonen.

Verket vart trykt i København av boktrykkarmeistaren Paul Reff.  Ein av dei tinga han med datidas mest moderne trykketeknologi ikkje greidde å få til, var - interessant nok - å oppgi notene til musikken, truleg mangla han noteteikn i satsen. Den trykte versjonen inneheld derfor berre tre raude blanke noteliner på dei stadane musikken skulle ha blitt presentert. Det var meininga at noteteikna skulle bli innført lokalt, for hand. Det skjedde også i fleire av dei bevarte missalene. Men dei lokale innførslene er slett ikkje like. På dette viset kom den felles gudstenesteboka som skulle uniformere det liturgiske uttrykket på grunn av trykketeknologiens tilkorttilkommenheiter til å opne for lokale variantar av gudstenestemusikk.

Missale Nidrosiense var ein del av eit dobbeltverk. Mens missalet skulle bli brukt i kyrkjene, skulle brevariet med den fullstendige tittelen Breviaria ad usum ritu[m]q[ue] sacros[an]cte Nidrosien[sis] eccl[es]ie vere den liturgiske handboka for den einskilde presten. Sidene er ein fjerdedel så store som missalet, i oktav-format altså, og boka er på 449 sider. Breviariet har den same kalenderen som missalet og inneheld bibeltekstar og liturgiske bøner samt legendemateriale til bruk ved alle kyrkjelege handlingar. Ved hjelp av desse to bøkene kunne ein prest som hadde gudstenestleg erfaring, og som hadde fått opplæring i korleis bøkene var samansett, ha tilstrekkeleg materiale i hendene til å feire gudstenester når som helst, og kor som helst i erkebispedømet. Bøkene har nemleg eit nokså elegant system med bokstavkodar som gjer at ein kan orientere seg og sette saman heile gudstenester. I tillegg, sidan kvar einskild trykkside var dyr, har dei eit stort omfang av forkortingar som brukaren også må kjenne til. P med overstrek betyr til dømes «per» (gjennom), mens med understrek betyr den same bokstaben «pro» (for). Nokre av dei trykte teikna var også samanstillingar av fleire bokstavar slik ein kan sjå på den forsøksvise transkriberinga av tittelen på brevariet ovafor. Men ein prest som hadde internalisert desse forkortingane og skjønte systemet, kunne bruke kalenderen i desse to bøkene  som register, og hadde dermed nok materiale til å feire viktige minnedager på ein verdig måte, som  t.d. minnedagen til den heilage Barbara den fjerde desember.

Misale nidrosiense digitalisert.

Fri, 03 Mar 2017 14:56:06 +0100

Kontakt

Spesialsamlingene, Gunnerusbiblioteket

Kalvskinnsgt. 1B
Tlf:  918 97 859
E-post: spesialsamlingene@ub.ntnu.no
Postadresse: 7491 Trondheim

Åpningstider lesesal Spesialsamlingene

Man-fre: 08:30-14:30 etter avtale
Lørdag: stengt

 

Følg Spesialsamlingene på sosiale medier:

facebook fotoblogg  instagram