Samlinger - Biblioteket Gjøvik - UB
Samlinger - Biblioteket Gjøvik
Universitetsbiblioteket (UB) i Gjøvik har eit breitt utval trykte og digitale kjelder innan helse- og omsorgsfag, teknologi, naturvitskap, medieteknologi, informatikk, økonomi, design med meir. Den største delen av samlinga er i elektronisk form, slik som artiklar, e-bøker og oppslagsverk.
Fagressursar
Du finn ei oversikt over og tilgang til databasane som biblioteket abonnerar på i søkeportalen Oria.
Som student har du tilgang til desse databasane på campus eller via VPN.
Treng du hjelp til databasane eller akademisk skriving? Vi har mange instruksjonsvideoar på YouTube-kanalen vår som kan hjelpa deg.
Samlingar i biblioteket
Biblioteket ligg i 2. etasje i Gneis-bygget (G). Her finn du trykte bøker og tidsskrift og oppslagsverk.
Du finn publiserte bachelor-, master og doktorgradsavhandlingar mm. i fulltekst i Nasjonalt vitenarkiv (NVA)
NTNU har lisens til bildedatabasen Colourbox. Studentar og tilsette kan laste ned inntil 30 bilde i månaden til bruk i ikkje-kommersielle oppgåver, prosjekt, førelesningar, websider osb. Du må ha ein lisenskode for å få tilgang og koden finn du på Innsida.
Pensum
UB Gjøvik har eit eller fleire eksemplar av dei fleste bøker på pensumlistene. Desse står på eiga hylle ved skranken og kan lånast i inntil to veker. Utlånstid er to veker.
Sjå dessutan lånereglane.