Rotvoll asyl

  • Fylfoto av Rotvoll gård og asyl

    Flyfoto av Rotvoll gard og asyl.
    Foto: Schröder /NTNU UB

  • korridor - psykiatrimuseet på Rotvoll

    Korridor i fløya som huset Psykiatrihistorisk museum. Fløya vart antikvarisk sett i stand med opphavleg interiør frå 1872. På venstre side ligg celleromma som var del av utstillinga.
    Foto: Fredrik Haugdal/NTNU

  • cellerom med to senger

    Sett i stand cellerom frå 1927, med to senger.
    Foto: Fredrik Haugdal/NTNU

  • psykiatrimuseet på Rotvoll - arbeidsstue med symaskin

    Cellerom frå museet som hadde stilt ut gjenstandar frå ulike verkstader og gardsdrift.
    Foto: Fredrik Haugdal/NTNU

  • cellerom med seng med reimer

    Sett i stand cellerom frå 1872, med stroppeseng og ulike mekaniske tvangsmiddel. Før legemiddel vart tilgjengeleg for behandling på asyla, var det berre medikament med dempande og roande verknad som var i bruk. I tillegg vart isolasjon og mekaniske tvangsmiddel, som fastbinding i seng brukt for å dempa og kontrollera.
    Foto: Fredrik Haugdal/NTNU

  • Bad Rotvoll

    Bad på Rotvoll.
    Foto: Fredrik Haugdal/NTNU

Rotvoll asyl

Medisinsk museum

Rotvoll asyl

I 1872 åpnet Rotvoll asyl, og 85 pasienter ble innlagt det første året. Asylet hadde opptaksområde fra hele det nordenfjeldske Norge. Pasienttallet økte etter utbygginger. I 1898 var tallet 275.

I 1872 opna Rotvoll asyl, og 85 pasientar vart innlagde det første året. Asylet hadde opptaksområde frå heile det nordenfjeldske Noreg. Pasienttalet auka etter utbyggingar. I 1898 var talet 275.

Ideen bak asyla var at dei skulle vera ein fristad der pasientane skulle vernast (frå samfunnet elles) og ytast miskunn. Asyla skulle ha «sunn og fri plassering» for å gi pasientane høve til å vera ute i friskluft. Rotvoll oppfylte desse krava.

Frå overgangen til 1800-talet byrja ein å sjå på sjukdom på sinnet som noko medisinsk. Ein byrja å behandla årsaker – ikkje berre symptom. Behandlinga til asyla var ulike kollektive tiltak som fysisk arbeid og selskapeleg samvær. Rotvoll asyl hadde full gardsdrift der pasientane deltok i arbeidet. Vidare var det smie, verkstad for skomakar, skreddar, bokbindar, snekker og malar som del av bygningsmassen.

Det fanst ulike typar individuelle tiltak, som vassbehandling, isolasjon og mekanisk tvang. På Rotvoll asyl var det ulike typar kar for behandling med vatn.

Rotvoll asyl vart i 1962 overdrege Sør- og Nord-Trøndelag fylkeskommunar og vart ein del av Trøndelag psykiatriske sjukehus. I løpet av siste halvdel av 1980-åra vart denne psykiatriske institusjonen gradvis nedlagt. Frå 1994 har Høgskolen i Sør-Trøndelag (no NTNU), avdeling lærarutdanninga, halde til i hovudanlegget. Bygningsmasse og tomt tilhøyrer utbyggjar Aha Eiendom, og NTNUs leigeavtale stansar frå 1. januar 2018. Fasaden på bygningane er freda.

 

Psykiatrihistorisk museum på Rotvoll

Museet låg i ein flaug av det som hadde tilhøyrt kvinneavdelinga, eller Fruentimmersiden av Rotvoll asyl. Då museet opna i 1996, var fløya antikvarisk sett i stand med opphavlege interiør frå 1872.

Utstillingsarealet til museet bestod av ti cellerom, og dessutan fellesromma: eterom, stove, bibliotek og bad. I tillegg var det i loftsetasjen beboelsesrom for tidlegare tilsette, møterom og cellerom nytta som lagerrom.

Gjenstandsmaterialet i utstillinga var frå daglegliv og behandling, knytt til ulike periodar av drifta på Rotvoll. Ein del av samlinga bestod av gjenstandar frå andre psykiatriske institusjonar i Trøndelag, mellom anna frå Reitgjerdet (no Brøset).

Museet stengde i 2015; utstillinga og gjenstandar vart pakka ned.