Historie - Medisinsk museum - St. Olav hospital og Fakultet for medisin og helsevitenskap
Historie
Omkring 2002 vart gode krefter og initiativ lagt i å systematisk ta vare på gjenstandar frå medisinsk praksis og forsking knytt til St. Olavs hospital og dåverande DMF (Det medisinske fakultetet). Tidlegare dekan, professor emeritus Jon Lamvik blir æra for forslaget om eige museum, og i 2009 vart det bestemt at det skulle setjast av areal i Kunnskapssenteret.
I november 2010 utnemnde Styringsgruppen for Felles utviklingseining for nytt sjukehus eit museumsutval (MU). Medisinsk museumsutval har vore styret til museet, beståande av fire medlemmer og leiar.
Museet vart offisielt opna 30. januar 2014.
I 2015 overtok Medisinsk museum samlinga frå tidlegare Psykiatrihistoriske museum på Rotvoll.
Medisinsk museumsutval 2010-2023
- Ivar Skjåk Nordrum, leiar, NTNU/St. Olavs hospital
- Karen Buset, NTNU Bibliotek for medisin og helse
- Anne Mari Kvam, St. Olavs hospital
- Morten Sylvester, NTNU Vitenskapsmuseet
- Petter Aadahl, NTNU/St. Olavs hospital
Kva er eit museum?
"Et museum er en permanent institusjon, ikke basert på profitt, som skal tjene samfunnet og dets utvikling og være åpent for publikum; som samler inn, bevarer/konserverer, forsker i, formidler og stiller ut materielle og immaterielle vitnesbyrd om mennesker og deres omgivelser i studie-, utdannings- og underholdningsøyemed.”
(ICOMs statutter, artikkel 3, paragraf 1)