nyweb - spesialsamlinger - regler

Reglar

Reglane og rutinane omfattar både dei samlingane som tradisjonelt er omtalte som spesialsamlingar (privatarkiv, brev, fotografi, manuskript, segl, LibRari, m.m.) og alle dokument med trykkjeår til og med 1920. Dette materialet skal berre nyttast i spesiallesesal i 3. etasje ved Gunnerusbiblioteket. Utvalde nyare dokument kan omfattast etter vurdering.

  • Materiale må bestillast minimum vyrkedagar 2 dagar på førehand, via epost spesialsamlingene@ub.ntnu.no.
  • Yttertøy, vesker, sekkar, mapper og paraplyar og vesker for pc, ipad og vesker for fotoutstyr skal plasserast i låsbare skap.
  • Det må berre brukast blyant (det får du ved å vende deg til personalet) i spesiallesesalen.
  • Handtering av ømfintleg materiale, manuskript eller bøker, krev reine hender. Handkremar må ikkje brukast, og hanskar kan brukast etter rettleiing frå personalet.
  • Ved kopiering av materiale skal du kontakte personalet.
  • Materiale må ikkje brukast som skriveunderlag, og det kan ikkje brukast postit-lappar.
  • Det kan ikkje brukast bokstativ/bokvogger du sjølv har med deg, utan godkjenning frå personalet.
  • Mat og/eller drikke kan ikke tas med inn i lesesalen.
  • Avfotografering eller digitalisering av materiale skjer etter avtale med personalet.
  • Spesiallesesalen er open etter avtale.
  • Materialet skal alltid leverast tilbake til personalet før du forlèt lesesalen.

 

Vi yter følgjande service:

  • Hentar fram materiale til bruk i spesiallesesal.
  • Føreslår litteratur og bilete for låntakaren etter skildring.
  • Skannar og digitaliserer bilete og historisk kjeldemateriale (betalingsteneste).
  • Kopiering kan skje etter nærare vurdering av tilstanden til og omfanget av materialet.

 

Vi har dessverre ikkje høve til å:

  • Lese gjennom litteratur og manuskript eller omsetje materiale for kunden.
  • Gje tilgang til magasin og samlingar.
  • Halde ein heilt stille lesesal.