Ivar Ståle Ertesvåg svarer på dette spørsmålet om danning av tresprit (metanol) i omn. Foto: Sergii, Colourbox.com.

Vi har motteke dette spørsmålet via bloggen. Send gjerne ditt spørsmål til ein forsker, du også!

Spørsmål:

Hei,

Jeg har laget en kakeform av furu som jeg tenker å steke kaker i. Har hørt at metanol dannes ved oppvarming av tremateriale. Vil det være farlig og kan det dannes uønska metanol i kakene om jeg bruker treform? Eller kan jeg trygt bruke denne formen? Ovnen har en makstemperatur på 300 grader, men. Ser fram til svar!

Svar:

Hei og takk for spørsmålet. Det kan seiast mykje om dette, men då må omstenda og vilkåra presiserast nærare. Det enkle svaret er at det ikkje vert danna tresprit. Med nokre atterhald er det neppe særleg farleg på andre måtar, heller.

Tresprit (metanol) vert danna ved «tørrdestillasjon» av trevirke; altså oppvarming utan luft/oksygen.

I ein omn er det vanlegvis luft, og då vert det ikkje danna tresprit.

Likevel:

Når trevirke vert varma opp i luft, vil det gasse av ein del (andre) flyktige stoff. Dette er gassar og vil ikkje gå inn bakverket, men nokre av dei er brennbare.

Utviklinga går sannsynlegvis så seint at dei mest brannfarlege stoffa reagerer med oksygen etter kvart, utan at ein merkar det.

I verste fall kan det samle seg ei gassblanding med luft og flyktige stoff i omnen, som kan brenne. Gassmengda – og energimengda – er ikkje svært stor. I verste fall kan det gje ein liten smell og ei kortvarig flamme som står ut av omnsdøra.

Er ein svært uheldig, kan nokon verte treft av omnsdøra som opnar seg – og/eller få svidd hårlugg og skjegg.

Og har bakaren hjarteproblem frå før, kan ein slik kipp utløyse eitkvart.

Når temperaturar opp mot 300 grader varer ei stund, kan trevirket fatne – og du får ein liten brann. Omnen vil nok avgrense dette – men baksten vert øydelagd, og du får eit svare strev med å gjere reint.

Kort sagt: eg trur ikkje eg ville freista, men eg trur heller ikkje det er særleg farleg.

For å gje eit heilt sikkert svar, måtte vi gjere ein del forsøk med slike treformer i laboratoriet. Det kan vere avhengig av tidsforløpet; altså kor fort og høgt stig temperaturen ; det vil vere avhengig av utforming/geometri av forma; av omnstype og -storleik, m.m.

Om du er interessert i å lære meir om forbrenning, kan du ta en titt på eit utval populærvitskapelege artiklar i Gemini om emnet.

mann mot hvit bakgrunn. foto
Ivar Ståle Ertesvåg

Ivar Ståle Ertesvåg jobber ved NTNU - institutt for energi- og prosessteknikk. Han er professor i teknisk varmelære, med spesialisering prosessteknikk og forbrenning