spesialsamlinger - musikkhistoriske samlingar

Musikkhistoriske samlingar

Musikaliar

MusikalierMusikksamlinga består av både trykte notar (ca. 18 000) og handskrivne musikkmanuskript. Frå 1700-talet dreier det seg hovudsakleg om kammermusikk: komposisjonar og arrangement av stadsmusikant og domkyrkjeorganist i Trondheim, Johan Daniel Berlin, og av sonen hans, organist Johan Henrich Berlin, og dessutan andre musikkmanuskript som har vore i deira eige.

Eit anna tyngdepunkt som utgjer størstedelen av samlinga, er musikkmanuskript etter Trondheims-komponisten og organisten Martin Andreas Udbye (1820–99). Alle musikkmanuskript er registrerte i Oria.

Søk notar i Oria - Tips til søkeord: notebok, nodebog, node-bog, nodenbog

Aage Schults notesamling (pdf)

 

Bryllaups- og gravferdsvers

BegravelsesversRikfolk fekk trykt religiøse og personlege minneord i samband med bryllaup og gravferder. Materialet er hovudsakleg frå 1700-talets Trondheim, men her finst òg eldre og nyare materiale frå Kristiania og Bergen. Versa er ikkje tilgjengelege i Oria.

Liste over bryllaupsvers (alfabetisk etter personen verset vedkjem)

Liste over gravferdsvers (alfabetisk etter personen verset vedkjem)

 

Skillingsvise og høvesdikt

SkillingsviseEi skillingsvise er ei vise trykt på billige lausblad eller i hefte og seld for ein billig penge, derav namnet. Det eldste trykket i samlinga er "En ny deilig oc gudelig Vise" frå 1558. Dei eldste norske trykka stammar frå 1750 og utover, på den tida Trondheim fekk eige trykkeri. Biblioteket har ei samling på 1507 skillingsviser.

Høvesdikt er skrivne til forskjellige høve, som bryllaup, jubileum, rike slekter osv.

Katalog over skillingsvisene våre

Søk leilighetsdikt (høvesdikt) i Oria - på ordet leilighetsdikt og sorter for visning av eldste materiale først.