Navigasjon

  • Hopp til innhold
NTNU Hjemmeside

Læringsfestivalen

  • Læringsfestivalen i Trondheim
    • Program
    • Påmelding
    • Send inn konferansebidrag
    • Til deg som skal bidra
    • Til deg som skal delta
    • Tidlegare konferansar
  • Læringsfestivalen digital
    • Program
    • Bli med
    • Send inn konferansebidrag
    • Til deg som skal bidra
    • Til deg som skal delta
    • Tidlegare konferansar
  • Rundebord
    • Digitale rundebordkonferansar
    • Tidlegare digitale rundebord
  • Om oss
  • Journal
  1. Læringsfestivalen i Trondheim
  2. Til deg som skal bidra

Praktisk informasjon - Læringsfestivalen

×
  • Program
  • Påmelding
  • Send inn konferansebidrag
  • Til deg som skal bidra
    • Poster-sesjon
  • Til deg som skal delta
  • Tidlegare konferansar

Social buttons

Abonner på nyhendebrevet
og følg oss i sosiale medium

nyhetsbrev ikon twitter ikon facebook ikon

 

Arrangører

Arrangør:

NTNU - Kunnskap for en bedre verden


MENY

Til deg som skal bidra

Til deg som skal bidra

På Læringsfestivalen ønskjer vi omsette dei fine orda i handling. Studentaktiv læring er ikkje berre viktig på skulen og i førelesingssalane, men også på konferansar. Difor vil vi at alle sesjonane skal innehalde minst halvparten interaktivitet. Mange vel kanskje å følgje opp ein presentasjon med ein diskusjon, men du kan gjerne finne andre måtar å involvere deltakarane på. Sjå døme lenger ned på sida.

Presentasjonen din

Send gjerne inn presentasjonen din på førehand, så har vi han viss det skulle vere naudsynt. Vi har PC-ar i konferanselokala, og vi installerer gjerne presentasjonen din der på førehand. Om du tek med eigen PC, ta gjerne med presentasjonen på ein minnepinne i tillegg, så er vi sikra.

Viss du godtek deling av presentasjonen din, må du hugse på å sende han til oss, så legg vi han ut etter konferansen.

Universell utforming

Denne sjekklista kan hjelpe deg å sjå om du har tilrettelagt økta di for alle.

Alle som snakkar i plenum må bruke mikrofon. Dette gjeld også innspel frå salen. Viss du gir ordet til ein person i salen, sei at dei må vente til nokon kjem med mikrofon til dei. Vi skal ha folk i rommet som kan gå rundt med mikrofonen.

Nokre presentasjonsprogram (til dømes Power Point) kan setje om det du seier i sanntid til mange ulike språk. Denne funksjonen kan også vere nyttig for hørselshemma. 

Døme på aktivisering av deltakarane

Viss du skal snakke om et verktyg du har prøvd, kan du gjerne aktivisere deltakarane ved å ta i bruk verktyget i økta di.

Viss du skal ha eit foredrag og ein etterfølgjande diskusjon, kan du sjølv førebu spørsmål. Desse kan du nytta til å sparke i gong diskusjonen, eller du kan ha dei i bakhand i fall diskusjonen går trått.

Viss du skal presentere resultat frå forsking, kan du bryte opp økta med å spørre deltakarane kva dei trur resultatet vart, før du presenterer det.

Viss du stiller spørsmål til deltakarane, kan du få svar på fleire måtar. Til dømes kan dei syne svaret ved hjelp av hendene (knytta neve elle ei ope hand viss det er ja/nei-spørsmål). Dei kan snakke saman to og to eller i grupper, og nokre kan svare i plenum. Dei kan også svare ved hjelp av digitale verktyg.


Kalenderikon med skygge

 

 

Læringsfestivalen i Trondheim:

Ansvarlig redaktør | Bruk av informasjonskapsler | Personvern
Logg inn