Læring og undervisning i fokus

Læring og undervisning i fokus

 

NTNU læringsteknologi mobile learning video

 

Nye tankar

Det skjer mykje nytt og spennande innan undervisning og læring på universitets- og høgskulenivå. Nye former for teknologi gir nye moglegheiter, både for og i undervisninga, i måten vi underviser og lærer på, og i dei administrative og tekniske rammene rundt.

Moglegheiter

De kan vere krevjande å få oversikt over alt som skjer i sektoren, og ikkje minst kva som er nyttig. Ikkje alt gir betre kvalitet i undervisning og læring. På Læringsfestivalen vil vi ta opp moglegheitene breitt, gjennom tema og problemstillingar knytta til ulike delar av arbeidsprosessen. Frå faglig førebuing, den administrative tilrettelegginga og fram til eit betre resultat for den enkelte student. Vi ønsker også å ha merksemd rundt temaa berekraft og livslang læring, som sannsynlegvis vil vere viktig i arbeidslivet i framtida.

Målgrupper

Målgruppene til konferansen er både vitskapeleg tilsette, administrativt, teknisk og pedagogisk støtteapparatet, og ikkje minst leiarane i universitets- og høgskulesektoren – som har det overordna ansvaret for kvaliteten på undervisning og læring.

Nettverk

Læringsfestivalen ønsker å inspirere, motivere og syne gode, nye og spennande tilnærmingar til undervisning og læring, og dei teknologiske moglegheitene som eksisterer. Arrangementet gir også moglegheit til å knytte kontaktar og å etablere nettverk for vidare samarbeid.

 

.

 

 


Arrangører

Arrangør:

NTNU - Kunnskap for en bedre verden