Utstillerpåmelding - Læringsfestivalen
Utstilling
Utstilling
Meld på utstilling til Læringsfestivalen
Prisar
Utstillarplass
Dette er inkludert i prisen for ein utstillarplass:
- sjølve utstillarplassen (2 x 1,5 meter)
- eit lavt bord og stolar
- straumtilgang (hugs å ta med eigne straumkablar)
- trådlaust nettverk
- kaffe, te, snacks, frukt og lunsj
Merk at kun ein utstillarrepresentant er medrekna i prisen for ein utstillarplass. Viss det er fleire representantar som vil vere med, kan dei registrere seg med ordinær deltakaravgift. Hugs at denne prisen aukar frå og med 2. april.
Utstillarseminar
På eit utstillarseminar kan de orientere om produkt/prosjekt og tenester. Seminara er i auditorium R1, og de kan velje mellom fleire tidsrom og anten 45 eller 60 minutt. De står fritt til å bruke så mykje eller lite tid de ønskjer innanfor ramma. Seminaret vil gå som ein parallellsesjon på lik linje med dei ikkje-kommersielle bidraga. Om du ønskjer, kan vi bestille automatisk opptak av sesjonen og leggje ut på nettsida i etterkant.
Prisen for eit utstillarseminar inkluderer konferansedeltaking for ein foredragshalder med same tilbod om bevertning som utstillarrepresentanten. Du vil med andre ord ha to deltakarar inkludert viss du bestiller utstillarplass og utstillarseminar.
I år får du også moglegheit til å presentere seminaret i plenum i ein eitt-minutts pitch under opninga.

Kansellering
Viss du melder deg av innan 2. april, må du betale 2000 kroner i avbestillingsgebyr. Det er ingen refusjon viss du melder deg av etter 2. april.
Utstyr til utstillarplass
Utstillarplassen er utan messeveggar. Dette, samt anna ekstra utstyr (til dømes skjermar, ekstra bord, sofa, plantar og liknande), kan du leige frå Compassfairs Ta kontakt med andreas.berg@compassfairs.no for å bestille.

Betaling for leige av utstyr gjer de direkte til Compassfairs seinast 27. april 2026.
Transport av utstyr til utstillinga
Adresse og merking av kolli
Alle kolli som skal sendast til Trondheim, Realfagbygget merkast med denne adressa:
NTNU-Gløshaugen,
Realfagbygget
Høgskoleringen 5
Varemottak 1(DU4)
7036 Trondheim
Mottaket er ope mellom 08.00 og 14.00.
Kontaktperson: vaktmeister, telefon 918 97 378
Alle kolli merkast: «Utstilling Læringsfestivalen 2026».
Kollia blir ståande i U4 (underetasje 4). Utstillarar må sjølv sørge for at utstyret blir kjørt opp til konferanseområdet U1. Jekk og trallar står til disposisjon. Vi gjer merksam på at NTNU fraskriv seg eitkvart ansvar for utstyret til utstillarane. Verdifullt utstyr kan de oppbevare i sekretariatsrommet forut for og mellom konferansedagane. NB! Mottaket er stengd tysdag.
Utstillar har sjølv ansvaret for å sende kollia til og frå konferansen, samt til og frå utstillarområdet under sjølve konferansen. Avtal derfor med transportøren dykkar når dei skal hente kollia. Fraktbrev og likande, samt merking av kolli må de sørge for sjølv. Pass på at alt de sender blir ståande samla på ein pall og kjørt ned til DU4 – slik at alt blir med tilbake igjen etter konferansen.
Spørsmål om plassering, utforming av stand, og andre spørsmål av teknisk og praktisk art, kan de stille til laeringsfestivalen@konferanser.ntnu.no – merk e-posten med Læringsfestivalen 2026.
Rigging av stand
Du kan rigge standen din mellom 08.00 og 09.00 måndag morgon.
Arrangør:
