Send inn konferansebidrag
Send inn bidrag til Læringsfestivalen i Trondheim
Send inn bidrag til Læringsfestivalen i Trondheim
Innsending av bidrag til Læringsfestivalen 2024 er no stengd.
27.–28. mai 2024 i Realfagbygget, NTNU, Trondheim
Bli med og utvikle kunnskapen om læring og undervising
Læringsfestivalen er ein møteplass for dei som er engasjert i utdanning. Hit kjem over 300 engasjerte undervisarar frå UH-institusjonar over heile landet. Du kan bidra ved å skape diskusjon og ved å dele erfaringar, refleksjonar, kunnskap og forskingsresultat. På Læringsfestivalen kan du både motivere og verte motivert, og du kan knytte kontaktar og etablere nettverk for vidare samarbeid.
Målgruppe
Målgruppe for konferansen er undervisarar, forskarar og fagmiljø, støtte- og utviklingsmiljø så vel som utdanningsleiarar. Konferansen kan også vere aktuell for studentar og andre som er interessert i utdanning, til dømes tilsette i vidaregåande opplæring eller i arbeidslivet elles.
Tema for Læringsfestivalen
Kva engasjerer deg for tida? Kva rører seg i ditt miljø?
Læringsfestivalen skal handle om det deltakarane er opptatte av, men samtidig vil vi peike på vurdering som eit tema som alltid er aktuelt.
Interaktivitet og det fysiske rommet
Kva for moglegheiter har vi på ein fysisk konferanse som vi ikkje har i eit digitalt rom? Korleis kan du utnytte det at vi møtast fysisk best mogleg? Sei noko om det når du leverer bidraget ditt.
Spørsmål å tenke gjennom på førehand:
- Kva vil du med interaksjonen din? Skal den føre til diskusjon, refleksjon eller noko anna?
- Kva for interaksjon eignar eit fysisk rom seg til?
- Kva er hovudspørsmålet ditt? Ver tydeleg på kva du vil fram til i bidraget. Å ha eitt tydeleg spørsmål vil gjere det enklare for oss og publikum å vurdere bidraget, og enklare for deg å halde tida.
Læringsfestivalen vert arrangert på NTNU Gløshaugen. Her finn du R2, eit av dei innovative læringsareala til NTNU. (Legge inn under teksten: https://www.ntnu.no/laeringsarealer/r2 ) Skriv i søknaden om du ønsker å bruke dette rommet. Har du andre ønske eller tekniske krav, så spesifiser det også. Vi vil leggje til rette for ein levande konferanse med aktive deltakarar.
Posterar
Denne gongen oppmodar vi spesielt til å sende inn posterar. Vi ønsker å gjere posterane meir synlege i mingleområda.
Kva er fordelane med å ha poster?
- Ein poster heng der heile konferansen så deltakarane kan kome og sjå på han når dei ønsker.
- Vi stiller ikkje dei same krava til ein poster. Du treng ikkje ha ferdige forskingsresultat, men kan syne fram prosjekt du er i gang med.
- Å presentere ein poster er ein fin måte å kome i kontakt med folk og eit høve til å diskutere temaet for posteren.
- Å lage ein poster er ein god måte å kome i gang med ein skriveprosess, anten det dreier seg om ein artikkel, ein prosjektrapport eller noko anna. Du kan bruke det som er eit verktøy for å få strukturert tankane og stoffet.
Invitasjon til bidrag
Vi inviterer deg til å bidra med rundeborddiskusjon, poster, sesjon eller anna. Send inn bidrag innan 14. januar 2024 (via knappen under).
Rundeborddiskusjon (diskusjon i mindre grupper om eit tema, 45 minutt)
- Formuler ein tematikk på inntil 300 ord.
- Det blir di oppgåve å lage eit opplegg for diskusjonen, til dømes at du innleier kort om temaet, leier diskusjonen og summerer opp til slutt.
Poster-sesjon
- Format på posterar: A0 (841mm x 1189mm)
- Alle som bidrar med poster, får eitt minutt i plenum til å presentere posteren sin før sjølve sesjonen startar.
Sesjon (ti minutt presentasjon, ti minutt diskusjon)
- Send inn ei skildring av bidraget på inntil 300 ord.
- Tittelen bør ikkje vere lengre enn 15 ord.
- Du bør vinkle innlegget slik at det bidrar til refleksjon og erfaringsdeling.
- Skriv opp inntil fem nøkkelord.
- I bidraget kan du også velje å legge opp til ein utvida diskusjon som skal gå føre seg i eit anna rom etter at sesjonen er ferdig.
- Vi vektlegg erfaringsdeling, men ønsker også forskingsbidrag. Angi om bidraget ditt er erfaringsdeling eller forskingsprosjekt.
Ope format
- Har du ein annan idé til ein sesjon? Vi tek gjerne imot bidrag som ikkje passer inn i kategoriane over. Du kan bruke anten 20 eller 45 minutt på opplegget.
Dokumentasjon
Du som bidrar på Læringsfestivalen får dokumentasjon på at du har delteke i utvikling av utdanningskvalitet i eit fagfelleskap. Denne dokumentasjonen kan du nytte ved søknad om opprykk eller om å bli merittert undervisar.
Kriterium
Kvart bidrag bør oppfylle eitt eller fleire punkt.
Bidraget ditt bør
- vise ei reflektert kopling mellom utdanningsfagleg praksis og teori
- inspirere og skape engasjement
- kunne føre til aktivitet og samtale
- vere basert på erfaringar eller forsking
- peike framover
Vi tek imot bidrag på norsk, dansk, svensk og engelsk.
Du får tilbakemelding i februar 2024.
Publisering av konferansebidrag
Vi oppmodar deg til å sende inn konferansebidraget ditt for publisering i «Læring om læring». Dette er en open journal for deling av refleksjonar om læring – gjerne med utgangspunkt i eigen utprøving eller utvikling av læringsformer, undervisingsformer, vurderingsformer, teknologi og tenester, læringsareal og kombinasjonar av desse. Sjå tidlegare utgåver.
Frist for å sende inn bidrag er 7. mai 2024.
Mal for artiklar frå Læringsfestivalen
Bidraget lastar du opp i ein eigen portal for Læring om læring.
Les meir om journalen via menyen øvst på sida.
Viktige datoar
Frist for innlevering av bidrag: 14. januar 2024 (du kan levere ut dagen den 14.)
Tilbakemelding til bidragsytar: februar 2024
Påmelding til konferansen opnar i slutten av januar–februar 2024
Frist for innlevering av tekst til publisering: 7. mai 2024
Konferansen finn stad 27. og 28. mai 2024, i Realfagbygget på Gløshaugen i Trondheim.
Påmelding
Du kan melde deg på via lenka som blir tilgjengeleg her på konferansen sin nettstad. Her kan du også reservere overnatting. Overnatting og reise betaler du i utgangspunktet sjølv. Konferanseavgifta dekker lunsj begge dagane. Det er lurt å være tidleg ute med påmelding og rombestilling.