Til deg som skal bidra
Til deg som skal bidra
Til deg som skal bidra
Før konferansen
Du som får anteken bidrag, vert invitert til eit digitalt møte med praktisk informasjon og gjennomgang av det tekniske. Der kan du stille spørsmål og prøve i praksis det du skal gjere på konferansen
I god tid før konferansen får du ein kontaktperson frå programrådet vårt som skal vere ansvarleg for din sesjon. Du kan kontakte vedkommande viss det er noko du vil avklare før sjølve dagen.
Skal du syne film, spille av lydklipp eller gjere noko anna spesielt? Kontakt oss i forkant, så vi er sikre på at det går sømlaust på dagen. Du kan også prøve ut dette under møtet nemnt over.
Du må også tenke gjennom korleis du skal aktivisere deltakarane. Sjå tips lenger ned.
Under konferansen
Både du og sesjonsansvarleg må møte opp minst eit kvarter før sesjonen startar. Då har de litt tid til å gå gjennom det praktiske. I år skal vi ha eit grupperom (breakout room) som ein slags backstage. Teknikar sender deg og sesjonsansvarleg inn der så de kan snakke saman uten at publikum er til stades. Her kan du også få hjelp av teknikar, og du kan teste lyd, bilete og eventuelt anna.
Hugs at du har totalt 20 minutt på deg, og minimum ti minutt skal vere deltaking frå publikum.
Sesjonsansvarleg vil introdusere og runde av sesjonen din. Hen kan også hjelpe deg å passe tida og følgje med i chatten undervegs.
God praksis for sesjonshaldar
- Koble deg opp i god tid før sesjonen startar, gjerne 15 minutter.
- Sørg for å ha kabla nettverkstilkobling.
- Legg inn eit oppstartsbilete om deg eller dykk sjølv og våg å vere litt personleg i oppstarten. Dette kan kompensere for at vi ikkje er saman i eit fysisk rom
- Planlegg aktiviteter som engasjerer deltakarane undervegs.
- Varier stemmeleiet – unngå monoton formidling.
Døme på aktivisering av deltakarane
Viss du skal snakke om et verktyg du har prøvd, kan du gjerne aktivisere deltakarane ved å ta i bruk verktyget i økta di.
Viss du skal ha eit foredrag og ein etterfølgjande diskusjon, kan du sjølv førebu spørsmål. Desse kan du nytta til å sparke i gong diskusjonen, eller du kan ha dei i bakhand i fall diskusjonen går trått.
Viss du skal presentere resultat frå forsking, kan du bryte opp økta med å spørre deltakarane kva dei trur resultatet vart, før du presenterer det.
Viss du stiller spørsmål til deltakarane, kan dei anten svare individuelt via chatten eller ved å ta ordet. Du kan også førehandsdefinere nokre svar og late dei syne svaret ved hjelp av reaksjons-knappane i Zoom.
Opptak og opphavsrett
- Vi tek opp alle sesjonane for å publisere dei ope. (Viss du ikkje har reservert deg mot dette.) Dette inneber at alt innhald du presenterer må vere innanfor lov om opphavsrett.
- Nyttige lenker