Konferansebidrag - Læringsfestivalen
Konferansebidrag
Send inn ditt bidrag til Læringsfestivalen digital
Fristen for å sende inn bidrag no i haust er passert. Velkomen att til våren.
Læringsfestivalen digital (LFD) finn stad på ein skjerm nær deg onsdag 23. november, og no vil vi ha bidrag frå deg. LFD er ein nasjonal konferanse om læring i høgare utbildning. Den er nettbasert og har tidligare vore arrangert under namnet Webinarfestivalen.
Erfaringsdeling er sentralt på Læringsfestivalen. Kanskje akkurat dine erfaringar kan bidra til betre undervisning for fleire? Målgruppene for konferansen er alle som er engasjert i god undervisning; vitskapeleg og administrativt tilsette, teknisk og pedagogisk støtteapparat og leiare i universitets- og høgskulesektoren.
Vi håpar at du kan tenke deg å bidra til å inspirere og motivere ved å dele dine erfaringar eller di forsking.
Inspirasjon og idéar
Tidligare har vi hatt bidrag om mellom anna nettkurs, pollbasert undervisning, autoretting, vurdering og ulike formar for samarbeid på tvers.
Du kan få idear både til form og innhald ved å sjå opptak frå tidligare konferansar.
Korleis blir konferansen i år?
Kva er viktig for deg akkurat no? Send inn bidrag om det som engasjerer i ditt miljø eller på din arbeidsstad. Det er det vi vil at LFD skal handle om.
- Du kan sende inn bidrag i form av ei webinar-økt på 20 minutt, ti minutt til presentasjon og ti minutt til diskusjon eller ein annen form for deltakaraktivitet.
- Send gjerne inn bidrag i andre format også. Har du ein idé til ei spanande økt? Del den med oss!
- Du kan også sende inn bidrag i form av rundeborddiskusjonar som vi held i løpet av vinteren 2022–2023. Her kan det vere ti minutt innleiing ved ein eller fleire personar, etterfylgd av diskusjon i det digitale rommet. Total tid er cirka ein og ein halv time.
Send ei utgreiing på inntil 300 ord, med tittel på inntil 15 ord.
Aktiv deltaking er ein viktig del av Læringsfestivalen. Vi ønsker at du tenker gjennom korleis du vil involvere deltakarane i økta di. I innsendingsskjemaet ber vi deg om å skildre dette.
Frist for innsending er 22. september 2022.
Send inn bidrag til Læringsfestivalen digital
Kva skjer etter at eg har sendt inn bidrag?
Du får tilbakemelding i slutten av oktober.
Usikker på gjennomføringa? Du som får anteken bidrag, vert invitert til eit digitalt møte med praktisk informasjon og gjennomgang av det tekniske. Der kan du stille spørsmål og prøve i praksis det du skal gjere på konferansen.
Publisering i journalen Læring om læring
Send inn bidrag til den opne journalen «Læring om læring». Vi kan publisere artikkelen din sjølv om bidraget ikkje får plass på festivalen.
Viss du sender inn før 19. november, vil det bli publisert før konferansen. Vi publiserer fortløpande bidrag som kjem inn seinare.
Send inn artikkel til publisering i «Læring om læring».
Har du spørsmål om bidrag til Læring om læring, kan du gjerne kontakte redaktør Ole K. Solbjørg.