Fotosamlingen
Fotosamlingen
Fotosamlinga ved NTNU Vitskapsmuseet inneheld foto av lause og faste kulturminne frå museumsdistriktet, som dekker Trøndelag, nordre del av Møre og Romsdal og Helgeland i Nordland.
Foto av lause kulturminne representerer hovudsakleg bilde av arkeologiske objekt i vår arkeologiske samling. Det finst likevel også bilde av kyrkjeinventar, myntar og medaljongar, samiske og etterreformatoriske gjenstandar, samt etnografika som høyrer til dei andre samlingane våre.
Fotografi av faste kulturminne frå det midt-norske landskapet omfattar mellom anna gravhaugar, bergkunst, bautasteinar, bygdeborger, kultstader, kyrkjer, kloster m.m. I tillegg finst ei større samling av fotografi som dokumenterer arkeologiske utgravingar.
Sidan byrjinga på 2000-tallet har digital fotografering teke over, og tilveksten på fotosamlinga er dermed i konstant vekst. I dag har såleis Vitskapsmuseet meir enn 150 000 digitale bilde i samlingane. Somme av desse kan ein sjå i Unimusportalen eller på Flickr. Gjenstandsfoto kan ein dessutan også finne i Collections Online. Ein kan laste ned bilda gratis frå desse portalane under føresetnad om at våre vilkår for bruk og fotolisens blir følgd.
Kontakt kurator for fotosamlinga ved NTNU Vitskapsmuseet på e-post: arkiv@vm.ntnu.no for å finne ut om vi har foto som ikkje er publisert.