Hjem - Læringsfestivalen
Ein konferanse om læring i
høgare utdanning med både
digitale og fysiske arrangement.
Kva er Læringsfestivalen?
Læringsfestivalen er landets største konferanse om læring i høgare utdanning med både fysiske og digitale arrangement. Målsetjingane til konferansen er å presentere erfaringar og refleksjonar og å dele kunnskapsbasert undervisningspraksis. På Læringsfestivalen kan du knytte kontaktar og etablere nettverk for vidare samarbeid.
Kommande arrangement
- Læringsfestivalen i Trondheim finn stad 4.–5. mai 2026.
- Læringsfestivalen digital finn stad 17.–18. november 2026.
Nye moglegheiter for god undervisning
Det skjer mykje nytt og spennande innan undervising og læring på universitets- og høgskulenivå. Nye former for teknologi gir nye moglegheiter, men ikkje alt gir betre kvalitet i undervising og læring.
Det kan vere krevjande å få oversikt over kva som skjer i sektoren, og kva som er nyttig å ta med seg. På Læringsfestivalen får du høyre kva erfaringar andre har gjort og du kan sjølv vere med å diskutere og prøve nokre av nyvinningane.
Målgrupper for Læringsfestivalen
Målgruppene for konferansen er alle som er engasjert i høgare utdanning.
Det kan vere undervisarar, forskarar og fagmiljø, støtte- og utviklingsmiljø så vel som utdanningsleiarar. Det kan også vere studentar og andre som er interessert i utdanning, til dømes tilsette i vidaregåande opplæring eller andre delar av arbeidslivet.
Bidrag til Læringsfestivalen
Bidrag til journalen Læring om læring
Du kan når som helst sende bidrag til journalen Læring om læring. Les dei siste artiklane her: https://www.ntnu.no/ojs/index.php/lol


