Prøvetaking og analyse av materiale frå kulturhistoriske samlingar

Prøvetaking og analyse av materiale frå kulturhistoriske samlingar

Person studerer kjeve

Dei Kulturhistoriske samlingane representerer ikkje-fornybart, vitskapeleg kjeldemateriale. NTNU Vitskapsmuseet gir likevel høve til prøvetaking og vitskapleg analyse av materiale frå desse samlingane til forskarar frå forskingsinstitusjonar i inn- og utland dersom søknad om dette kan godkjennast av analyseutvalet ved Institutt for Arkeologi og Kulturhistorie. Slike søknader blir handsama i samsvar med anerkjende forskingsetiske prinsipp og avvegingar mellom bevaringsomsyn og kunnskapsbehov. Det er også ein føresetnad at NTNU Vitskapsmuseet ikkje sjølv skal bruke materialet til formidling eller forsking, og at det er ressursar til fagleg oppfølging. 

Eventuelle søkjarar blir bedne om å lese NTNU Vitskapsmuseet sine retningsliner for prøvetaking og analyse og bruke vårt søknadsskjema

Søknadar om prøvetaking og analyse av materiale frå dei kulturhistoriske samlingane skal omfatte søknadsskjema og prosjektskildring, og skal sendast til: analyseutvalget@vm.ntnu.no 

Berre fullstendige søknadar vil bli behandla. 

Analyseutvalet behandlar søknadar fortløpande. 
 
Ved eventuelle spørsmål om prøvetaking og analyse, vær venleg og kontakt analyseutvalet på e-post analyseutvalget@vm.ntnu.no