Skogen_bilde

Flyfoto over Ringve. Foto: Ringve Museum

Skogen

Skogen

Viltveksande skog – der naturen sjølv får styre.

I eit belte langs Ringve si grense mot aust, veks sjølvsådd lauvskog. Dette beltet var beitemark i den tida det var gardsdrift på Ringve, og på gamle bilde kan ein sjå at området var busk- og tresett også den gongen. Etter at det vart slutt med beitinga og dyr ikkje lenger held oppslag av kratt og skog nede, har det skjedd ein naturleg suksesjon, altså at det har vakse tettare til med busker og tre. Medan dei eldre trea i området er norske viltveksande artar som bjørk, rogn, osp og hegg, er den yngre tilveksten av treslag dominert av platanlønn. Platanlønn er innført som prydtre til hagar og parkar sidan 1700-tallet, og har dei siste 100 åra effektivt etablert seg også i viltveksande natur. Skogen på Ringve er såleis eit interessant område der ein kan studere resultatet av konkurranse mellom ulike treslag, og sjå korleis skogsmiljøet i si heilheit varierer avhengig av kva treslag som dominerer.  

I Skogen får knekte greiner og tre som dett ned, ligge og rotne.  Det skaper leveområde for ulike lav, sopp og mosar, samt insekt og andre dyr. Det går ein sti gjennom Skogen, mellom trekonstruksjonen bak Renessansehagen og den nordre inngangen til hagen.  

Skogen er eit motstykke til dei andre anlegga i hagen, og området blir brukt til formidling om økologiske tilhøve i skog, om konkurranse mellom planteartar og om korleis innførte artar kan bli invaderande og endre stadeigen natur. Området har høg verdi for fuglar og anna dyreliv.

Skogen_småbilder

Skogen. Foto: Vibekke Vange / NTNU Vitenskapsmuseet

Platanlønn. Foto: Vibekke Vange / NTNU Vitenskapsmuseet