Parken toppbilde

Parken. Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Parken

Parken

Hagemoten frå 1800-talet er levande i landskapsparken på Ringve. Ærverdige trær frå denne tida siler framleis lyset gjennom kronene og ned på teppe av vårblomar i april.

Parken er eit tidsminne frå lystgardshistoria på Ringve. Gardshagen vart anlagt på 1850-talet i stilen som på den tida var mest populær; landskapsparken. Denne stilen hadde det nordeuropeiske beitelandskapet som førebilde. Typiske trekk i slike hagar er store tre, fritt veksande underplanting, og mjukt slyngande grusgangar og vasskantar. Meir romantiske og stemningsskapande element, som lysthus eller minnestøtter, vart etter kvart også del av denne stilen.  

Parken ligg i sørhallinga ned frå garden. Ei monumental steintrapp knyt Parken saman med hovudbygninga på garden. Parken er dominert av store lauvtre som bøk, lind, alm, hestekastanje og platanlønn, og har eit nettverk av slyngande stiar.  

Om våren er det rik blomstring av laukvekstar under dei store trea. Seinare på sommaren overtek andre vekstar, før vegetasjonen blir slått som eng på seinsommaren. Den 200 år gamle ”Ringvebøka” er det eldste og største treet i parken. Ho vitnar om at historia til gardshagen går enda lenger tilbake enn til etableringa av landskapsparken.  

Parken vart restaurert i perioden 1974-76.

13 apr 2023

Parken sidebilder

Parken. Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Fra Parken. Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Mer om Parken

Mer om Parken