Løkhagen_toppbilde

Løkhagen

Laukhagen Chicago

Laukhagen Chicago

Lauk er både pryd og mat.

Viltveksande laukartar er viktige matplanter over heile verda, og har vore det så langt tilbake vi kjenner historia. På dei fleste grønsaksmarknader rundt om på kloten finn ein fargerike og næringsrike lauk, og både blad, blomer og lagringsorgan, altså sjølve lauken, kan etast. Med sine staselege blomar i kvitt, rosa, gult eller blått, er lauk det vi kan kalle ein PRYDSAK - ein super kombinasjon av grønsak og prydplante.   

Laukhagen inneheld ei rekke gamle brukslauk som tradisjonelt har vore dyrka til mat i Noreg. Desse er verdifulle både kulturhistorisk og som genetiske ressursar for vidare matproduksjon. Samlinga omfattar også rundt 100 artar lauk (slekta Allium) frå heile verda, i tillegg til fleire kultiverte former.   

Kvifor Chicago? Ei tolking av namnet er «den stinkande staden» på eit lokalt, indiansk språk. Før storbyen vaks fram, var det enorme sletter med viltveksande lauk i området. Lauk inneheld svovelbindingar som gir frå seg sterk lukt . Også mange stader i Nord-Noreg har fått namn etter viltveksande graslauk-førekomstar, som Laukvik, Laukøya og Laukslett.    


Løkhagen_sidebanner

Sommerfugl på blomst