Gamlehagen toppbilde

To kvinner går på grussti med fargesterke blomster på hver side.

Gamlehagen

Gamlehagen

Ei samling tradisjonelle hageplanter frå Midt-Noreg.

Gamle hageplanter er levande kulturminne. Dei ber med seg historier om korleis folk har brukt ulike planteartar tidlegare. Mange av dei gamle hageplantene er ikkje lenger i handelen, men ein kan finne dei i gamalt kulturlandskap, på fråflytta gardar og småbruk, i gamle hagar og parkar, på kyrkjegardar eller forvilla i skog og kratt nær hagen eller garden dei ein gong vart dyrka.  

Gjennom prosjektet «Bevaring av hageplanter i Midt-Norge» har ei rekke gamle hagar i Trøndelag og  Møre- og Romsdal blitt undersøkt, og plantemateriale samla inn.  Dei aller fleste plantene har ei kjend historie minst tilbake til 1950-talet, ofte lenger. I det innsamla materialet finn ein både sjeldne og vanlege planter, og til saman gir dei eit spennande innsyn i midtnorsk hagetradisjon. 

Dei gamle hageplantene er samla i Gamlehagen. Anlegget har lange, frodige stauderabattar på begge sider av gangstien. Kjøkkenvekstar, peonar, botndekkande planter og steinbedsplanter står i eigne bed.  Gamlehagen vart opna i august 2007. Innsamlingsprosjektet var støtta av Norsk Genressurssenter og anlegget er del av genressurssenteret sitt nettverk av lokalitetar for ivaretaking av gamle hageplanter.

13 apr 2023

Gamlehagen sidebilder

To kvinner går på grussti mellom fargerike blomsterbed.

Fargerike blomsterbed på liten høyde.