Arboretet toppbilde

Aktivitet i arboretet. Foto: Wenche Eidshaug.

Arboretet

Arboretet

Gå ein tur rundt dammen i Arboretet, og bli kjend med tre og buskar som dannar ulike skogstypar på heile den nordlege halvkula.  

Arbor tyder «tre». Eit arboret består derfor av treaktige planter som buskar og tre. Arboretet på Ringve har om lag 120 artar, og sentrale slekter er bartrea gran (Picea), furu (Pinus), edelgran (Abies) og lerk (Larix) og lauvtrea bjørk (Betula) og vier (Salix).  

Dammen i midten av anlegget framstiller Nordishavet. Trær og buskar som er planta rundt dammen, er plasserte i høve til utbreiinga på den nordlege halvkula. Ein tur rundt dammen blir såleis som ei vandring gjennom fleire kontinent og gjennom ulike skogstypar.  

Nærast dammen finn ein trær og buskar som utgjer skoggrensa mot nord i Europa, Sibir og Canada. Lenger vekk frå dammen finn ein trær med meir sørleg utbreiing.

13 apr 2023

Arboretet sidebilder

Arboretet. Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Fra arboretet. Foto: Ane S. Guldahl, NTNU Vitenskapsmuseet.

Arboretet - sidebar