Ringve botaniske hage

Ringve botaniske hage

Ringve botaniske hage ligg på Lade i Trondheim, er open kvar dag, heile året – og sjølvsagt gratis.


Ringve botaniske hage er ei levande plantesamling, brukt til forsking, undervising og ivaretaking av truga artar.  Hagen formidlar også kunnskap om botanisk mangfald og om verdien plantene har for menneske og dyr. Plantene i Ringve botaniske hage er derfor både ei utstilling og ei vitskapleg samling. 

Hageanlegget er på 130 dekar og ligg storslått til på ei høgde på Ladehalvøya, 3 km aust for Trondheim sentrum. Midt i hagen ligg garden Ringve med historie attende til 1500-talet. Fram til etableringa av Ringve museum i 1952 var dette gjennom fleire hundreår ein lystgard for velståande familiar i Trondheim.  Ringve museum er no Noregs nasjonalmuseum for musikk og musikkinstrument.  

Ringve botaniske hage vart oppretta som universitetshage i 1973 og er driven av NTNU Vitskapsmuseet. Hagen er bygd opp som ein klassisk universitetshage, der dei ulike plantesamlingane demonstrerer ulike sider av botanikken, til dømes plantegeografi, systematikk og hagehistorie.  

Ringve botaniske hage

Tjern med planter rundt

Arboretet

I Arboretet veks tre og buskar frå den nordlege halvkula
Arboretet
Grussti med fine planter langs sidene

Gamlehagen

Ei samling tradisjonelle hageplanter frå Midt-Noreg
Gamlehagen
Fint opparbeidet hage

Renessansehagen

Ein urtehage med lokalhistorisk vri.
Renessansehagen
Fin hage med statue og planter

Parken

Den gamle gardshagen på Ringve, anlagt i engelsk landsskapsstil.
Parken
Hage med fine planter

Plantesystemet

Plantene si utviklingshistorie og slektskapsforhold
Plantesystemet
Blomsterbed

Primulahagen

Stor og fargerik variasjon i ei og same planteslekt .
Primulahagen
Laukhage med sti gjennom

Laukhagen

Ei rekke gamle brukslauk som tradisjonelt har vore dyrka til mat i Noreg.
Laukhagen
Gammelt hus med fine blomster rundt

Prydbeda

Prydbeda kransar gardshusa på den gamle lystgarden Ringve.
Prydbeda
benk med trær rundt

Haugane

Eit mangfald av lauvtre og buskar blant solfylte knausar og lunt plasserte benkar
Haugane
Skog

Skogen

Viltveksande skog – der naturen sjølv får styre 
Skogen

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon

Til duftetur

Til side om dufteturer i Ringve botaniske hage

Besøk hagen

Besøk hagen

Hagen er alltid open og gratis

Utforsk hagen på nett

Utforsk hagen på nett

Kartutsnitt som viser Ringve botaniske hage.