På jakt etter jobb? Vi søker læringsassistentar til utvikling av eit emne om skulehage og berekraft
Vi har ledig stilling som læringsassistent våren 2024 i perioden 1.april - 15. juli. Stillingen er knytt til KOMPiS-prosjektet Utvikling av tverrfagleg vidareutdanningsemne om skulehage for berekraftig utdanning. Arbeidet går ut på å bidra til utvikling av undervisingsopplegg og praktiske undervisingsaktivitetar til eit vidareutdanningsemne for lærarar. Omfang for arbeidet er ca 75-150 timar. Både tidspunkt for arbeidet og innhald i arbeidsoppgåvene er svært fleksibelt og kan avtalast saman med prosjektgruppa.
Ønska kvalifikasjonar: Vi søker deg som er lektor eller lærarstudent og som gjerne har noko erfaring med hage eller grønsaksdyrking.
Moglege arbeidsoppgåver :
- bidra i utvikling av tverrfaglege praktiske undervisingsaktivitetar som kan nyttast av lærarar og elevar i skulen, blant anna ved å delta på idémøter saman med forskarane i prosjektet
- Gjere forundersøkingar og teste undervisingsopplegg
- Evaluere og revidere undervisingsopplegg
- Utarbeide skriftlege skildringar av undervisingsopplegg til bruk på nettsider mm
- Intervjue lærarar om kva for innhald dei har behov for i eit slikt emne
- Det kan også vere aktuelt med arbeid knytt til ILUs skulehage på Kalvskinnet, til dømes vatning av hagen
Løna vil vere på lønstrinn 24-26, 173,54 - 177,90 kr/t, avhengig av utdanningsnivå. Det kan også bli aktuelt med gjennomføring av LAOS-kurs (20 timar), dersom du ikkje alt har dette.
Skriv ein kort søknad der du gjer greie for kva periode du kan jobbe, kva for undervisingsfag du har i studiet samt relevante kvalifikasjonar.
Send søknaden til unni.eikeseth@ntnu innan 1. april. For spørsmål, ta kontakt med Unni Eikeseth på epost eller mobil 99603335.