Allbygg søker trainee: Byggeleiing og anlegg

Expires
Education level
Completed Bachelors degree
Completed Masters degree
Field of study
Civil Engineering
Type
Internship / Trainee
Work place
Florø
Responsibilities
Management/ Project Management
County
Vestland
Info on how to apply
Søknadsprosessen går via karriere.no

Om stillinga

Allbygg er eit konsern med til saman 85 tilsette, som leverer entreprenørtenester på Vestlandet. 

Allbygg Florø Invest AS er morselskapet, med ansvar for Allbygg Florø as (14 tilsette), Allbygg as i Bergen (10 tilsette) og bemanningsbyrået AllTeam as med 65 tilsette, som forsyner Allbygg sine prosjekt og avdelingar med tilsette.

Med over 60 år fartstid i bransjen har vi mykje erfaring og kunnskap som vil komme deg som er ny i arbeidslivet til gode. Allbygg står framfor ein spennande og viktig fase og satsar på utvikling og vekst. Hos oss kan du vere med på å sette preg på Vestlandet, med bygg som er skapt for framtida. Traineestillinga er i Allbygg Florø. 

Vi ser etter ein person som vil jobbe i eit selskap med høg kompetanse, lagmoral og stort utviklingspotensiale. Ein jobb i Allbygg betyr ein variert kvardag, og som trainee hos oss vil du fort få ansvar. Du vil blant anna jobbe med leiing, styring og sikring av kvalitet i ulike byggeprosjekt, samt oppgåver innan økonomi. 

 

Arbeidsoppgåver

- Prosjektleiing/prosjektoppfølging. 

- Planlegge og gjennomføre prosessar frå start til slutt.

- Evaluering av prosessar.

- Sørge for eit godt klima-samarbeid mellom alle involverte i prosjektet.

- Oppfølging av rutinar og system.

- Oppfølging og kontroll på HMS, framdrift, kvalitet og økonomi.

- Delta i prosessen med å vidareutvikle Allbygg

Kvalifikasjonskrav

Følgande kompetanse er ein fordel:

- Du har utdanning innan byggfag (ingeniør/sivilingeniør) og gjerne praktisk erfaring

- Erfaring eller utdanning innan økonomi er eit pluss

- Kunnskap om HMS og KS.

- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.

- Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:

- Minimum bachelor eller mastergrad.

- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie.

- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg.

Om deg

- Du er utadvendt og lærevillig.

- Du er initiativrik og engasjert i jobben.

- Du har gode samarbeidsevner og er ein lagspelar.

- Du er strukturert og målretta.

- Både praktisk og teoretisk forståing er ein fordel innan byggeleiing.

 

Vi tilbyr

For deg som er interessert i faget, er dette ein svært spennande jobb i eit arbeidsmiljø med høg kompetanse og lang erfaring. Vi er opptatt av å vere lagspelarar og gjere kvarandre gode. Du vil få ein variert kvardag, og veksle mellom å jobbe på kontoret i Florø og på anlegg. Vi tilbyr store utviklingsmoglegheiter, og du vil få ansvar knytt til prosjekt og utvikling. 

Som Framtidsfylket Trainee får du:

- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke

- Fagleg og personleg utvikling

- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til

- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Arbeidsstad er Sogn og Fjordane, med kontorstad i Florø eller på anlegg.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Education
Cold Climate Engineering
Civil and Environmental Engineering
Civil Engineering
Building Information Modelling (BIM)
Environmental Engineering