Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Utvikling

Expires
Education level
Completed Bachelors degree
Completed Masters degree
Field of study
Computer Science and Information Technology
Type
Internship / Trainee
Work place
Leikanger/Sogndal kommune
Responsibilities
IT – Development and Design
County
Vestland
Info on how to apply
Søknadsprosessen går via karriere.no

Om stillinga

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar og funksjonar, som mellom anna ID-porten og MinID, og koordinering og utvikling av interne og eksterne IT-system i dei andre fagavdelingane i direktoratet. Døme er nettsider som Digdir.no og Anskaffelser.no. Direktoratet er også tilsyn for universell utforming av ikt.

Digitaliseringsdirektoratet si avdeling i Leikanger har ansvar for forvalting og utvikling av dei nasjonale felleskomponentane.

I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø og utviklarane har eit stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode mulegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive og hurtige leveransar. Vårt utviklingsmiljø har stor fagleg tyngde og spisskompetanse innen våre fagområde både nasjonalt og på europeisk nivå. Vi likar å vere best.

No ser vi etter ein trainee som vil bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av heile landets befolkning.

Arbeidsoppgåver

Du vil bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av heile landets befolkning, løysingar som vårt samfunn er avhengig av. Di rolle i eit av våre team vil bli definert ut frå dine kunnskaper, interesserer og våre pågåande prosjekt.

Kvalifikasjonskrav

Det er viktig at du:

  • er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar
  • har kunnskap om systemutvikling i Java, gjerne Spring-rammeverket
  • har kunnskap om løysingsarkitektur
  • kjenner til smidige utviklingsprosessar
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • kan presentere teknologi og løysingar i forsamlingar, også til andre enn teknologar
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

 

Om deg

Våre tilsette er nysgjerrige og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar. Det ønsker vi at du også er.

Vi tilbyr

I tillegg til spennande faglege utfordringar kombinerer vi fleksibelarbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit  ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.

Vi kan tilby deg

  • løn i lønnsspennet kr 449 400 - kr 472 300 etter kvalifikasjonar
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • eit godt sosialt miljø med dedikterte kollegaar, treningsrom og høve til trening i arbeidstida
  • spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling

 Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre trainear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2020 til august 2021.

Education
Applied Computer Science
Computer Engineering
Computer Science
Digital Business Development
Digital Infrastructure and Cyber Security
Digital Collaboration
Electronics Systems Design and Innovation
Computational Colour and Spectral Imaging (COSI)
Industrial Cybernetics
Information Technology
Information Security
Informatics
Engineering and ICT
Embedded Computing Systems
Kybernetikk og Robotikk
Cybernetics and Robotics
Marine and Maritime Intelligent Robotics
Programming
Security and Cloud Computing
Simulation and Visualization
Webdesign