Kulturarv ved landets eldste vitenskapelige bibliotek

Norges første flora 250 år

av 30. august 2016 i Bokhistorie, UBrss med 2 Kommentarer

nett-banner2

Den første vitskapelege skildringa av den norske floraen kom ut i Trondheim i 1766, for nøyaktig 250 år sidan. Forfattaren av boka Flora Norvegica var Johan Ernst Gunnerus (1718-1773). Gunnerus hadde vore biskop i Trondheim sidan 1758 og var ein lærd teolog som stifta Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og som også var redaktør for selskapets vitskapelege tidsskrift, Skrifter.

Biskopen hadde målbevisst samla inn plantar til herbariet sitt på visitasreisene sine og hagen hans på Berg prestegård vart gradvis planta om slik at den kunne vise fram ulike blomster og vekstar. Gunnerus brevveksla med Carl von Linné frå 1761 av og plantene i floraen vart namngitt i tråd med Linnés seksualsystem. Dei ulike funna vart ikkje presentert i systematisk orden, men blir presentert ut frå dato og stad der dei vart funne. I tillegg til det latinske namnet oppgav Gunnerus også dei norske, danske og tyske, av og til også dei samiske, namna til plantane.

349-tab6del2

Av økonomiske og praktiske grunner vart Flora Norvegica berre utgitt på latin. Ei planlagt omsetjing til dansk der og ein utgåve der funna vart systematisert, vart aldri realisert. Dette gjorde at floraen ikkje fekk det gjennomslaget den kunne ha fått i Norge. Dei som kunne lese latin, visste til dømes ikkje kor Gildeskål låg, og den presise funnstaden for Saxifraga nivalis, snøsildre, er skildra som «på fjellet ved stranda», gav lite meining. Dei som derimot hadde inngåande kjennskap til Gildeskåls topografi og derfor kunne ha visst kor dette var, var derimot ofte ikkje så stødige i latin. I etterkant er de presise opplysingane om funnstad, saman med dialektnamna og dei kortfatta notisane om bruk og nytte, blitt framheva som noko av det viktige ved verket.

I forordet framheva Gunnerus at denne kartlegginga av den medisinske og økonomiske nytteverdien, var ein viktig årsak til at han gav seg i kast med dette store arbeidet. Han viser til at han i dei tre publiserte banda av Skrifter, har skrive om dyreriket og med delar av mineralriket, men no var blitt overbevist om at fedrelandet hadde behov for ei oversikt over  plantane si økonomiske betydning, og då gjerne i ein enkel versjon.

Korrekturlesinga og kvalitetssikringa tok lang tid. Dessutan var det trykketeknisk vanskeleg å gjengi avbildingane av nokre av plantane på ein tilfredsstillande måte. Den første delen av Flora Norvegica vart publisert på latin i 1766. Gunnerus hadde store forventningar til denne boka og sendte den til Linné og andre vitskaplege kontaktar. I åra som følgde arbeidde han  intenst for å få ferdig andre del. Den skulle bli trykt i  København. Men då Gunnerus på kongens og Struensees befaling reiste dit  for å reorganisere det danske universitetet, måtte han registrere at arbeidet på ingen måte var ferdig. Trykkeriet hadde berre trykt dei første sidene av del to då Gunnerus døydde på ei visitasreise til Møre i 1773. Bindet kom derfor ut posthumt i 1774 med ein biografi over den avdøde biskopen, som vart forfatta nevøen Niels Dorph Gunnerus.

tittelblad-del1nyserot-02006516_339

Herbariet til Gunnerus  finnes fremdeles ved NTNU Vitenskapsmuséet – og nokre av plantane i herbariet kan sjåast på Flickr.

For å markere dette 250-årsjubileet har NTNU Universitetsbiblioteket laga ei nettutstilling om Flora Norvegica. Gunnerusbiblioteket har dessutan stilt ut eit eksemplar av floraen i ein spesiallaga monter som er laga av engelsk eik med nøyaktig same alder som floraen. Eksemplaret og monteren tilhøyrer Gertrude M. Marsh.

Summary in English:

250 years ago, in 1766, the first Norwegian flora was published in Trondheim. The author Johan Ernst Gunnerus (1718-1773) was bishop in Trondheim and was the founder and director of the Royal Norwegian Society of Sciences and Letters (DKNVS). The work presented flowers which Gunnerus had collected in his diocese with Latin names, using the nomeclature of Carl von Linné, the Swedish botanist. Linné and Gunnerus exchanged letters since 1761. In addition, Gunnerus specified where the flowers were found and gave comments on their use and value

 

 

Kilder:

  • Alle foto: scan fra Flora Norvegica, NTNU Universitetsbiblioteket
  • Johan Ernst Gunnerus. Flora Norvegica, 1766-1774.
  • Rolv Nøtvik Jakobsen. Gunnerus og nordisk vitskapshistorie, 2015.

 

Stikkord: , ,

Om forfatteren

Om forfatteren: Rolv Nøtvik Jakobsen, dr.theol, førstebibliotekar ved NTNU-Gunnerusbiblioteket. Har utgitt boka "Gunnerus og nordisk vitskapshistorie", Oslo 2015. .

Abonner

Hvis du likte dette, se relaterte innlegg og aktiviteter.

Det finnes 2 kommentarer

URL for tilbakesporing | Feed for kommentarer

  1. Olav slettnes sier:

    Skulle gjerne fått sett mere av Flora Norvegica om det hadde vært mulig. Det blir Trondheims tur første halvår 2018. Særlig de medisinske eller legeplantene. Det er spesielt for meg lang «fartstid som lege

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Topp