Kategorier
Ukategorisert

ØK-nytt uke 39

Hei, og god fredag! Denne uken har jeg «bare» vært i Trondheim, med uliek møter om campus, dekanmøte og diverse annet. Et høydepunkt var en disputas jeg fikk gleden av å lede, Kristin Wulff, næringsPhD fra mitt «gamle» fagmiljø på IØT i samarbeid med Kantega. Mer om det neste uke, når det kommer bilder.

Uken før var det også en Nærings-PhD som disputerte, men det var ved IIF. Jon Olaf representerte fakultetet i Ålesund. Kandidaten var Lars Ole Hjelkrem, i et samarbeid med Sparebanken Møre. Tittel på avhandlingen: Deep Learning Approaches in Credit Scoring. Tittel på prøveforelesning: Recent Developments in Deep Learning: incorporating uncertainty quantification. Litt mer om prosjektet:

Torsdag 21. september forsvarte Lars Ole Hjelkrem sin næringslivsforankra doktorgrad. I forskinga har han sett på korleis ei tilnærming med kunstig intelligens, djuplæring, kan brukast for å vurdere kreditverdigheita og betalingsevna til låntakarar.  

Lars Ole Hjelkrem bur i Ålesund og kjem frå Langevåg i Sula kommune. Han er tilsett som fagsjef for risikostyring i Sparebanken Møre. Det er frå denne banken forskinga hans er henta ut. – I eit Nærings-ph.d.-prosjekt går ei verksemd, høgskule eller universitet saman. Den tilsette i verksemda forskar på noko som er relevant for arbeidsgivar, samstundes som kandidaten kan skaffe seg fagleg innsikt og rettleiing frå oss i akademia. Den tilsette gjennomfører forskarutdanninga si med spissa kompetanse innan verksemda sine behov og utfordringar, forklarer Mark Pasquine, instituttleiar av Institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU i Ålesund. 

Hjelkrem er den andre som har gjennomført forskinga si i eit Nærings-ph.d.-prosjekt frå instituttet på NTNU. Han er den fyrste i Sparebanken Møre som har gjennomført doktorgrad i den næringslivsretta ordninga til Forskningsrådet. 

– Om du planlegg å ta en nærings ph.d. er det viktig at du vel å ta den i eit fagmiljø som er tett på næringslivet, og som klarer å rettleie deg i forskinga som både er fagleg relevant, og som også skaper verdiar for verksemda du arbeidar i. Forståinga for dette fann eg hjå NTNU i Ålesund, seier Lars Ole Hjelkrem.

I komiteen som vurderte avhandlinga og prøveførelesinga var professor Chardin Wese Simen frå University of Liverpool, førsteamanuensis Yushu Li frå Universitetet i Bergen og professor Khine Kyaw frå NTNU Handelshøgskulen. Sistnemnte var også administrator for komiteen sitt arbeid. Hovudrettleiar har vore professor Erik Nesset frå Institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU i Ålesund. Medrettleiarar har vore førsteamanuensis Petter Eilif de Lange også han frå Institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU i Ålesund, og førsteamanuensis Hao Wang, frå institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU i Gjøvik.

Komite, veiledere, kandidat og disputasleder:

Med det vil jeg ønske riktig god helg!

Monica

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *