Frå «robust mot KI» til «robust og konstruktiv med KI»

Forfattere

  • Guttorm Sindre NTNU
  • Gabrielle Hansen NTNU

Sammendrag

Den kjappe framveksten av generativ kunstig intelligens (GenKI) dei siste par åra representerer fleire utfordringar for utdanningssektoren, både med tanke på kva studentane treng å lære og korleis det bør undervisast og vurderast. Med tanke på både personleg vekst og framtidig arbeidsmarknad er det er behov for både å vurdere kva studentar kan utan KI og kva dei kan utrette med KI. Emnet IT1001 ved NTNU nyttar meistringslæring med ein serie modular, der kvar student kan velje sitt eige tempo og ambisjonsnivå. Emnet har fått positiv respons frå studentane. Vurderingsforma i emnet freistar på den eine sida å vere robust mot KI gjennom ein serie små testar under tilsyn gjennom semesteret. På den andre sida inneheld emnet også eit prosjekt der det er relevant å lære seg å bruke KI på ein konstruktiv måte. Bidraget gir ein  presentasjon av emnedesign, erfaringar og korleis emnet er tenkt endra til meir konstruktiv bruk av KI. Spørsmål som blir diskuterte er (1) Korleis har studentar brukt KI i dette emnet fram til no? (2) Korleis kan emnet endrast for å sikre spesifikke læringsutbyte knytt til KI som er relevante for studentane? Mot slutten diskuterer vi korleis liknande grep ville kunne brukast i andre emne – anten ein nyttar meistringslæring eller meir tradisjonelle emnedesign der det er lagt opp til at alle studentane skal halde same tempo.

Nedlastinger

Nedlastingsdata er foreløpig ikke tilgjengelig.

Nedlastinger

Publisert

2026-04-09