Meistringslæring: Korleis kan du som faglærar utforme og gjennomføre eit emne med studentstyrt framdrift?

Forfattere

  • Guttorm Sindre NTNU
  • Gabrielle Hansen NTNU

Sammendrag

Emnet IT1001 ved NTNU nyttar meistringslæring med ein serie modular, der kvar student kan velje sitt eige tempo og ambisjonsnivå. Emnet har fått positiv respons frå studentane. I kva grad kan eit liknande opplegg med meistringslæring være eigna for andre emne i ulike fagfelt? Utforminga av IT1001 blir brukt som døme, men ulike fag kan ha ulike behov, og det finst mange designalternativ innanfor det som kan kallast meistringslæring. Artikkelen prøver å svare på følgjande spørsmål: (1) Korfor bruke meistringslæring? (2) Kva ulike val har faglærar med tanke på utforming av eit emne med meistringslæring? (3) Kva er ein føremålstenleg prosess for utvikling av eit slikt emne? Som artikkelen viser, finst det mange mogelege emnedesign innanfor det breie konseptet meistringslæring, og kvar faglærar må finne eit design som passar for sitt emne. Det er viktig å lage eit opplegg som både er handterleg for studentane og for fagstab og administrasjon med tanke på tid og ressursar, og det er ein god idé å involvere studentar allereie i planlegging av emnet.

Nedlastinger

Nedlastingsdata er foreløpig ikke tilgjengelig.

Nedlastinger

Publisert

2025-05-13