Om å variere skriftlege naturfagoppgåver

Authors

  • Camilla Berge Vik Norwegian University of Science and Technology

Abstract

Frå tid til annan treng lærarar å lage skriftlege oppgåver. Å lage slike er vanskeleg, og lite diskutert innan naturfaga. I denne teksten ser eg til matematikk- og skriveforskinga for inspirasjon til dimensjonar å variere skriftlege oppgåver langs. Eg viser fram døme på korleis dimensjonane formål, handling, idealisert/kontekstuell, informasjonslast, grad av autentisitet og mottakar, interaksjonsnivå, representasjonsformer, taksonomisk vanskegrad, øving/problem, grad av openheit, sekvensiell/ikkje-sekvensiell kan nyttast til å variere ei skriftleg oppgåve, gjennom å justere ei eksempeloppgåve i kvar av dimensjonane. Eg oppsummerer dimensjonane i eit sett designprinsipp til inspirasjon for oppgåvedesignarar i naturfag.

Downloads

Download data is not yet available.

Published

2026-09-28